Bjørgan prestegard

Koordinatar: 62°34′27″N 10°18′51″E / 62.57417°N 10.31417°E / 62.57417; 10.31417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°34′27″N 10°18′51″E / 62.57417°N 10.31417°E / 62.57417; 10.31417

Bjørgan prestegård måla av Gerhard Munthe.

Bjørgan prestegard er eit museum og ein tidlegare prestegard i Kvikne, nord i Tynset kommune. Garden er rekna som ein kunstnarheim ettersom forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson (1832–1910) vart fødd her, og budde her i sine fyrste barndomsår 1832–1837.

Huset vart bygd i 1780, og var i bruk som prestegard inntil 1860. I 1917 oppdaga Tilla Valstad at hovudbygningen skulle rivast. Ho sette i gang ei innsamling, med tanke på å gjere staden til museum for Bjørnson, og i 1919 vart garden overlevert til staten som ei gåve. I 1932 vart det avduka ein minnestein over Bjørnstjerne Bjørnson på Bjørgan, og i den gamle bygningen er fleire ting frå Bjørnsons tid samla. Museet låg fram til 2006 under De Sandvigske Samlinger på Maihaugen, som også har ansvar for Aulestad. Bjørgan er no lagt inn under Nordøsterdalsmuseet. Huset vart restaurert i 2010.

Enkelte meiner at den korte tida på Bjørgan har prega Bjørnson, og har påverka bondeforteljingane hans. Bjørnstjerne gjesta Kvikne to gonger som vaksen, i 1869 og i 1897.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]