Bjørge stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bjørge stavkyrkje var ei stavkyrkje ved garden Bjørge (gnr. 236) i Gran kommune i Innlandet.

Kyrkja er omtala i samband med jordskifte i mellomalderen, og ifølgje eit dokument frå 1341 var ho i si tid soknekyrkje.[1] I 1570-åra låg kyrkja sitt jordegods under Nikolaikyrkja, og inventaret vart overført til Hamar domkyrkje.[2] I Jens Nilssøn si visitasskildring frå 1590-åra vert kyrkja omtala mellom «De kircker, som icke giøris tieniste vdi».[3] Kallsboka frå 1732 omtalar kyrkja som ei trekyrkje, og sorenskrivar Wisløff seier meir konkret i si utgreiing frå 1743 at ho var av reisverk (altså stavkyrkje) og hadde hatt eit seinare påsett, spisst tårn, men at ho var fallen sammen.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hadeland. Bygdenes historie, s. 270.
  2. Sigurd Kolsrud, red. (1929). Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–1577 (Povel Huitfeldts stiftsbok). Oslo. s. 189. 
  3. Yngvar Nielsen (1885), red. (1981). Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 17. 
  4. Lorentz Dietrichson (1892). De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 499. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]