Bjørkefink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørkefink
Hannfugl i hekkedrakt Songen til bjørkefink
Hannfugl i hekkedrakt
Songen til bjørkefink
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigOmtrentleg geografisk utbreiing ██ Overvintringsområde██ Hekkeområde██ Året rundt
Omtrentleg geografisk utbreiing

██ Overvintringsområde██ Hekkeområde██ Året rundt

Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Fringilla
Art: Bjørkefink F. montifringilla
Vitskapleg namn
Fringilla montifringilla

Bjørkefink (Fringilla montifringilla) er ein fink som hekkar i skogar nord i Eurasia, og overvintrar sørlegare område av Eurasia frå Dei britiske øyane til Japan. Han er ein vanleg hekkefugl i det meste av Noreg og kan dessutan overvintre i kystområda av landet.

Dens vitskaplege artsnamnet montifringilla refererer til det latinske 'mons', 'montis', som betyr «fjell» og 'fringilla', som betyr «fink».[1] Rundt i Noreg har mange lokale namn vore brukt på denne fuglearten, mellom anna bergfink, fjellfink, kvæker, tvittaspikje og oårsføggel.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vinterdrakt, hoa til venstre, hannen til høgre
Foto: Marek Szczepanek

Bjørkefinken liknar bokfinken, men skil seg ut frå han i alle drakter med den kvite overgumpen sin, og med at bjørkefinken har eit oransje-farga bryst i varierande grad. Han måler 14-16 centimeter og veg 17-30 gram, tilsvarande storleik og form som bokfinken.[3][4] Hannen i sommardrakt har skinnande blåsvart hovud og rygg, rustgult bryst, ein stor rustgul skulderflekk og to kvitgule vengeband. Om hausten og vinteren er hovudet og ryggen brunaktige, med ein kvit nakkeflekk. Hofuglen liknar hannen i vinterdrakt, og kan forvekslast med hofugl av bokfink, men har kvit overgump og to mørke langsgåande render på hovudet. Ungfuglen liknar hofuglen. Bjørkfinken sine fjørdrakter kan variere ganske vidt om vinteren og våren fordi fjørene delvis blir slitne ut, til dømes på hovud og kappe, noko som får hekkedrakta til å visast gradvis og individa når ulik framdrift i denne prosessen. Om vinteren er det koniske nebbet strågult med svart spiss hos begge kjønn, medan ein vaksen hann i sommardrakt har svart nebb.[3]

Songen er ganske ensformig og øyde, og minner om ein lang, gjennomtrengande summande tone, òg skildra som ei fjern sirkelsag som sagar eit vedstykke. Lokkelætet er karakteristisk og har ein nasal kvakrande karakter.[3]

Bjørkfinken lever av frø, bær og insekt. Om vinteren og tidleg vår beitar dei på bakken, om sommaren i låge tre og buskar.[4]

Utbreiing og trekk[endre | endre wikiteksten]

Bjørkefinkar har eit stort hekkeområde i fjellbjørkskog i Fennoskandia, og vidare austover gjennom taigaen i Asia, til Kamtsjatkahalvøya ved stillehavskysten i aust.

Dette er ein distinkt trekkfugl, men det er eit lite tal i kystområda av Noreg som er standfuglar eller lever som streiffuglar om vinteren.[5]

Overvintringsområde er i sørlegare område av Eurasia frå Dei britiske øyane til Japan, inkludert Sør-Sverige og Danmark. Han kan dessutan trekke til Nordvest-Afrika. Austlege bestandar til Tyrkia og Himalaya, i austlege Kina og Japan.[5] Somme fuglar dukkar opp i Alaska under trekket. Bjørkefinkar kan opptre som streiffuglar utanom hekketida og blir observerte sporadisk så fjernt som i Nord-Amerika. Både i vår- og hausttrekket, og vinterstid, kan bjørkefinkar samlast i store flokkar, vinteren 2019-2020 talde ein meir enn 45 000 bjørkefinkar på ein overnattingsplass i Nygårdsparken i Bergen.[6]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Bjørkefinken rugar i bjørkebeltet og høgareliggande barskog, nord for Dovre også i låglandet, uregelmessig låglandshekking sørover. Han hekkar nordover til bjørkeskoggrensa i Finnmark. Der har han reir i tre, som liknar bokfinken sitt, men litt større; hofuglen byggjer reiret av mose, strå, hår og forar det med fine strå, planteull og fjører.

Dei 5-7 egga liknar bokfinken sine, grå eller brungrøne, ein sjeldan gong lyseblå, med brune og svartbrune flekkar.

Status og trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Arten har eit stort utbreiingsområde og ein stor bestand, men blir trudd å vere på retur i tal, men ikkje sterkt nok til at han kan vurderast som truga. IUCN kategoriserer derfor arten som levedyktig (LC). Hekkepopulasjonen i Europa er estimert til 15,4-24 millionar par. Det blir anslått at Europa utgjer omtrent ein fjerdedel av utbreiingsområdet til arten, så verdsbestanden kan førebels estimerast til 121-192 millionar vaksne individ.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 250. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 752. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  4. 4,0 4,1 Clement, P. og V. Arkhipov (2020). Brambling (Fringilla montifringilla), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.brambl.01 Betalingsteneste
  5. 5,0 5,1 5,2 BirdLife International (2016) Species factsheet: Fringilla montifringilla. Henta frå http://www.birdlife.org den 29. april 2016
  6. «Norsk Ornitologisk Forening via NTB, Hagefugltelling viser stabilt med fugl i sør og økning i nord, 2. februar 2020». Henta 28. april 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bjørkefink