Bjørkelangen kyrkje
Utsjånad
| Bjørkelangen kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: GAD | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Borg | ||
| Prosti | Østre Borgesyssel | ||
| Sokn | Bjørkelangen | ||
| Fellesråd | Aurskog-Høland | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Th. Bjørnstad | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 20. november 1925 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Preikestol | Audun Bødtker, 1951–53 | ||
| Døypefont | Audun Bødtker, 1960 | ||
| Altartavle | Gunnar Wang (korveggen), Audun Bødtker (altar, 1951–53, dels fjerna) | ||
| Sitjeplassar | 250 | ||
![]() Bjørkelangen kyrkje 59°52′37″N 11°33′34″E / 59.87694444°N 11.55944444°E | |||
| Wikimedia Commons: Bjørkelangen kirke | |||
Bjørkelangen kyrkje er ei langkyrkje i tre i Aurskog-Høland kommune, Akershus fylke.
Kyrkja vart oppført i 1923–25 av byggmeister Olaf Fallet og dei tre sonane hans.
Korveggen er måla av Gunnar Wang med eit bilete (på 7,5 m x 5 m) av himmelferda. Dette vart dekt til ved ei restaurering i 1951–53, då kyrkja fekk nytt inventar skore av Audun Bødtker, m.a. med relieffpanel på framsida av alteret og ei kalvariegruppe oppå det. I 2001–02 vart Wangs bilete avdekt og Bødtkers panel fjerna. Kyrkja har òg eit sidealtar i vest. (Hovudinngangen er i sør.) Bødkter har dessutan laga preikestol og døypefont.
Kyrkjegarden (vigsla 1. februar 1913) vart teken i bruk nokre år før kyrkja vart oppført. Eit kombinert bårehus og servicebygg vart vigsla i 1982.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nilssen, Per Erik (2005). Fra kapell til kirke: Historien om Bjørkelangen kirke gjennom 80 år. Bjørkelangen: Bjørkelangen menighetsråd. ISBN 82-303-0517-X.
- Sigrid og Håkon Christie: Bjørkelangen kapell i «Norges kirker»
- Rasmussen, Alf Henry (1993). «Bjørkelangen kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 655. ISBN 82-75-27022-7.
- Bjørkelangen kirke på Kyrkjesøk
- Bjørkelangen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
