Bjørkemus
| Bjørkemus | |
Bjørkemus | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av Bjørkemus | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Gnagarar Rodentia |
| Familie: | Sminthidae |
| Slekt: | Sicista |
| Art: | Bjørkemus S. betulina |
| Vitskapleg namn | |
| Sicista betulina | |
Bjørkemus, Sicista betulina, er eit pattedyr i hoppemusfamilien. Ho er den einaste representanten for hoppemusfamilien i Noreg. Bjørkemusa sitt utbreiingsområde strekkjer seg frå Noreg og Danmark i vest til Bajkalsjøen i Sibir i aust, og frå Polarsirkelen i nord til Karpatane i sør. Ho er svært vanleg i delar av Russland og Ukraina, men mindre vanleg der ho førekjem i Vest-Europa. Det er vanskeleg å veta nøyaktig kor stor bestanden er, då bjørkemusa er sky og vanskeleg å fanga.[2] Ho vart først registrert i Noreg i 1907 og har sidan blitt funnen frå Akershus til Nordland, men oftast nord på Austlandet og i Midt-Noreg.[3] Ho er oppført på raudlista til fleire land i Europa, m.a. Tyskland, Danmark, Romania, Tsjekkia og Litauen og har status som nær truga i Noreg frå 2021.[1]
Bjørkemusa finst i diverse landskapstypar. Det har blitt foreslått at ho tilbringer sommaren i våtmarksområde og flyttar til skogområde om vinteren. Ho ligg i dvale i seks månader i året, og mister på den tida opp til halve kroppsvekta si.[2]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av bjørkemus Sicista betulina for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022.
- 1 2 Meinig, H., Zagorodnyuk, I., Henttonen, H., Zima, J. & Coroiu, 2016. Sicista betulina. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T20184A115156920. Henta 21. juni 2022
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- IUCN Red List of Threatened Species på engelsk