Bjørn Bø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Bø
Fødd 30. mai 1947 (72 år)
Vinje
Yrke Politisk journalist (NRK)

Bjørn Bø (fødd 30. mai 1947 i Vinje)[1]) er ein norsk journalist som arbeidde i NRK gjennom ei årrekkje, fram til han pensjonerte seg i 2013.[2]

Bø byrja karrieren sin som NRK-stipendiat i 1976. Han arbeidde i NRK Telemark frå 1977 til 1984 og var deretter tilsett i Dagsnytt. Frå 1986 til han gjekk av med pensjon i desember 2013 var Bø i politisk avdeling, der han også ei tid var leiar. Frå 1998 til 1999 var han Stockholm-korrespondent for NRK. Han var særleg kjend som politisk kommentator og som programleiar under valsendingar.[2]

Han blei tildelt Storegutprisen i 2005 for sin levande og ledige bruk av nynorsk.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kringkastingspris til Bjørn Bø», Aftenposten, morgenutgaven 28. februar 1997, s. 37: «Bjørn Bø er født i 1947 i Vinje i Telemark.»
  2. 2,0 2,1 «Bjørn Bø pensjoneres». journalisten.no. 02.12.2013. 
  3. «Pris til radiomann frå Vinje». Telemarksavisa. 19. september 2005. Henta 23. oktober 2009.