Bjørn Bjørnevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Bjørnevik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. november 1896
Ørskog
Død

9. april 1955 (58 år)
Oslo

Yrke skodespelar, skodespelforfattar

Bjørn Martinius Bjørnevik (fødd 24. november 1896 på Ørskog, død 9. april 1955 i Oslo) var ein norsk skodespelar, teatersjef og dramatikar.

Bjørn Bjørnevik blei teken opp som elev ved Det Norske Teatret i 1923 og blei verande fram til 1926. Der medverka han i både folkemelodiar og drama i til saman ni roller, men fekk i røynda aldri sin verkelege debut. I 1928 skipa han sitt eige teater, Bjørnevik Teater, som spelte på ulike stader i Oslo. Elles baserte teateret seg på turnèverksemd. Teateret eksisterte fram til 1952, og i løpet av denne tida var fleire av Noregs mest kjente skodespelarar innom Bjørnevik Teater. Mellom desse var Kari Diesen, Arne Lie, Kolbjørn Brenda, Birger Løvaas, Willie Hoel, Astrid Schwab, Bjarne Bø og Rolf Søder. Dei to sistnemnte debuterte hjå Bjørnevik i høvesvis 1929 og 1944. Mange skodespelarar som seinare var del av Komedieteateret i Bergen byrja hjå Bjørnevik, mellom dei Lars Nygard, som var sjef i Komedieteateret i 1933-1945.

Bjørnevik hadde ambisjonar om eit litterært teater og sette opp fleire stykkje av Henrik Ibsen, mellom desse Peer Gynt, Brand og Hærmenderne på Helgeland. Stykkje av forfattarar som Stein Balstad, Cora Sandel og George Bernard Shaw blei òg sette opp. Etterkvart kom folkemelodiar til å setje mest preg på reportoaret, med Bjørnevik sjølv som den mest spelte forfattaren. Heile ti komediar av Bjørnevik blei vist på scena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]