Bjørn Erling Ytterhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Erling Ytterhorn
Fødd 17. august 1923
Fana kommune
Død

12. september 1987
Os

Yrke politikar

Bjørn Erling Ytterhorn (17. august 192312. september 1987) var ein norsk offiser og politikar frå Fana i Hordaland. Han representerte Hordaland og FramstegspartietStortinget frå 1981 til han omkom i 1987. Frå 1978 til -82 var han nestformann i Framstegspartiet. Han var gift med Inger-Marie Ytterhorn.

Ytterhorn var son til ein lærar. Etter studenteksamen i 1943 utdanna han seg ved Sjøkrigsskulen og Sjøforsvarets stabsskule. Frå 1945 gjorde han teneste i Marinen, etter 1952 som divisjonssjef for motortorpedobåtar, minesveiparar og i 1964-65 jagarar. Han var sjef for utdanningsavdelinga i Sjøforsvarets overkommando 1961–64 og torpedo/mineskulen 1965-68. Noregs forsvarsattaché i Sovjetunionen og Polen 1968–71 og tilsett ved Forsvarskommando Sør-Norge 1971–75. Til sist sjef for operasjonsavdelinga ved Vestlandets sjøforsvarsdistrikt på Haakonsvern Orlogsstasjon 1975–81.

I 1973 var Ytterhorn med på å stifte Anders Langes Parti, forløparen til Framstegspartiet. Han var formann i fylkespartiet i Hordaland 1975–81 og 1. viseformann i Framstegspartiet 1978-82. Frå 1976 var Ytterhorn fylkestingmedlem i Hordaland og frå 1980 bystyremedlem i Bergen bystyre, begge desse omboda hadde han til 1983. Hausten 1981 vart Ytterhorn vald inn på Stortinget frå Hordaland, attvald i 1985. Dei fire fyrste åra på Tinget var han sekretær i Forsvarkomiteen, sidan medlem i same komite. Han var heile tida parlamentarisk nestleiar.

Ytterhorn vart tildelt Forsvarsmedaljen og Deltakarmedaljen og britiske Defence Medal og War Medal. Han drukna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]