Bjørn Gjevik
Utsjånad
Bjørn Gjevik (fødd 1939) er ein norsk forskar.
Han tok doktorgraden i 1972 og vart professor i hydrodynamikk ved Universitetet i Oslo i 1977. Gjevik driv forsking i grenseområdet mellom hydrodynamikk og geofysikk, og er særleg kjend for detaljerte og realistiske matematiske modellar av tidvatn, havstraumar og tsunamiar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bjørn Gjevik. (2011-10-31) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Bjørn_Gjevik