Bjørn Kristensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Kristensen
Bjørn Krostensen - redaktør.jpg
Fødd4. oktober 1869
Kristiansand
Død29. juni 1935
Moss
NasjonalitetNoreg
PartiFrisindede Venstre
Yrkeredaktør, politikar

Bjørn Kristensen (4. oktober 186929. juni 1935) var ein boktrykkar, avismann og stortingsmann frå Kristiansand.

Kristensen vart fødd i Kristiansand, der far hans då var prest. Etter nokre år i skule hovudstaden, gjekk han i boktrykkarlære hos John Grieg i Bergen. I 1892 var han utlærd boktrykkar, tok same året over som redaktør av Moss Avis. Tre år seinare kjøpte han avisa og styrte ho til han døydde. Han var medlem av bystyret i Moss frå 1899, ordførar 1905-06 og varaordførar 1907-10. Åra kringom 1910 var han styremedlem i fleire presseorganisasjonar.

Kristensen representerte bykrinsen Moss og DrøbakStortinget, frå 1907 til -12. Begge valperiodane var han med i gasje- pensjonskomiteen, sekretær i den fyrste perioden, nestformann i den andre. Bolken 1910-12 var han også medlem av Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]