Bjørn Lyder Aarseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Lyder Aarseth
Fødd 11. mai 1926
Død

9. juli 2010 (84 år)

Far Lyder Aarseth

Bjørn Lyder Aarseth (fødd 11. mai 1926 i Kautokeino, daud 9. juli 2010 i Oslo) var ein norsk lærar, skulerektor og museumskonservator, son av Karen Marie Olsen Aarseth og Lyder Aarseth.[1]

Aarseth vaks opp i Kautokeino. I arbeidet sitt var han særleg oppteken av samisk kultur og samfunnsliv. Han var lærer og rektor ved skular i samiske område, 1949-1972 i Karasjok. 1972 vart han tilsett ved samisk-etnografisk avdeling ved Tromsø Museum og 1982 vart han førstekonservator for den samiske avdelinga ved Norsk Folkemuseum, der han var fram til han vart seniorstipendiat i 1993. Han var òg aktiv i Norsk kulturråd.[2] Aarseth er forfattar av ei rekkje publikasjonar om samiske tilhøve.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2006 utnemnde Kongen Aarseth til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hans innsats for samisk kultur».[3]

Aarseth var æresmedlem av Oslo Sámiid Searvi.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk samepolitikk 1945-1990: Målsetninger, virkemidler og resultater, Forlaget Vett og Viten, Norsk Folkemuseum, 2006.
  • The Sami: Past and present, Oslo: Norsk folkemuseum, 1993.
  • «Kautokeino-kofta – tradisjon og fornying», i Stephan Tschudi-Madsen (red.): På nordmanns vis. Norsk folkemuseum gjennom 100 år, Oslo, 1993, s. 168-169.
  • «Náhppi – arbeidslivets brukskunst», i Stephan Tschudi-Madsen (red.): På nordmanns vis. Norsk folkemuseum gjennom 100 år, Oslo, 1993, s. 58-59.
  • Samene igår og i dag, Tromsø: Tromsø museum, Universitetet i Tromsø, 1990, 1991.
  • Redaktør: Grenser i Sameland, Oslo: Norsk folkemuseum , 1989.
  • Med Ivar Bjørklund: The Sámi people (Lapps), Tromsø: Tromsø museum, Universitetet i Tromsø, 1987.
  • Noen hovedtrekk i samfunnsutviklingen i samiske bosettingsområder de siste årtier, Tromsø: Tromsø museum, 1980.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjørn Aarseth arkiiva
  2. «Norsk samepolitikk 1945-1990», Forlaget Vett og Viten.
  3. «St. Olavs orden til Bjørn Lyder Aarseth» Arkivert 2007-11-12 ved Wayback Machine., Oslo Sámiid Searvi, 22. august 2006.