Bjørn Myrbakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Myrbakken
Fødd 15. august 1972
Orkdal
Yrke skihoppar

Bjørn Myrbakken (fødd 15. august 1972)Fannrem er ein norsk tidlegare skihoppar. Under Ski-VM 1993 i Falun var Myrbakken med på det norske gulllaget i lagkonkurransen. Dei andre var Helge Brendryen, Øyvind Berg og Espen Bredesen. Myrbakken var medlem av Orkdal Idrettslag.

Myrbakken debuterte i verdscupen i Trondheim i mars 1991. Hans beste plasseringar i verdscupen var to tredjeplassar. Den fyrste kom i Sapporo i desember 1992, den andre i Gross-Titlis-bakken i Engelberg, temmeleg nøyaktig eit år etter.

Under ski-VM 1993 i Falun var Myrbakken med på det norske laget som vart verdsmeistrar i laghopping. I dei individuelle renna gjorde han det dårleg, vart nummer 33 og 36. Myrbakken vann sølvmedaljen under noregsmeisterskapen i stor bakke i Odnesbakken i 1993, men var langt bak noregsmeisteren Espen Bredesen.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1991: Nr 12 i storbakken i Bærum
  • 1992: Nr 7 i normalbakken i Molde
  • 1993: Sølvmedalje i storbakken på Odnes, nr 6 i normalbakken på Lillehammer

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]