Bjørn Nordheggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjørn Nordheggen (fødd 24. august 1961) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oppegård i Akershus. Han vart noregsmeister 1988, 1989 og 1994 på 10 000 meter, i den siste meisterskapen vann han også gullmedaljen på 5 000-meteren.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Åra 1988-94 vann Nordheggen tre gullmedaljar og fire sølvmedaljar på 10 000 m under noregsmeisterskapen. I den same perioden sikra han seg tre NM-bronsar, to NM-sølv og eitt NM-gull på 5 000 m. Også i terrengløp vann han NM-medaljar. Åra 1991-93 deltok Nordheggen i nokre verdsmeisterskap i terrengløp og halvmaraton, med ein 53. plass som best.

Nordheggen sette personleg rekord på 5 000 m ved NM i friidrett 1988Byrkjelo. Han vart tredjemann i løpet på tida 13.36,9, slått med 4 sekund av noregsmeisteren Are Nakkim og 2 sekund av sølvvinnar John Halvorsen. Nordheggen sprang sitt livs beste løp då han 7. juli 1990 i Hechtel i Belgia gjorde unna mila på 28.37,7.

Han var medlem i Oppegård IL til 1990, frå 1991 i Follo FIK.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]