Bjørn Odde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Odde
Fødd 25. mai 1939
Yrke musikar

Bjørn Odde (fødd 1939) er ein norsk felespelar og folkemusikar frå Lom kommune i Oppland. [1]

Bjørn Odde har vunne Landskappleiken heile fem gonger med vanleg fele. Fyrste gongen var i 1964, og siste gongen i 1984. [2] I 1980 var han med og spela på plata Slåtten drøymd og slåtten låten med Lom Spelemannslag. [3] I 1993 spelte han inn plata Slåttemusikk fra Lom saman med spelemannen og sambygdingen Amund Bjørgen. </ref> Plata vann Spellemannprisen 1993 i klassa for folkemusikk/gamaldans. [4]

Son til Bjørn Odde, Bjarne Odde er bassist og spelar toradar. Bjørn Kåre Odde, soneson hans Bjørn Odde er også ein lovande spelemann som nyleg vann stipendet Fureprisen. [5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]