Bjørn Olav Nordahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Olav Nordahl
Nasjonalitet Norsk
Fødd 1. november 1963 (54 år)
Yrke Journalist, forfattar
Periode 2007 -
Debut Ran : Historier om det nye Norge

Bjørn Olav Nordahl (fødd 1. november 1963) er ein norsk journalist og forfattar frå Drammen, busett i Mjøndalen.[1]

Nordahl arbeider i NRK Buskerud. Han har tidlegare arbeidd fem år i Vårt land og i 13 år som feature- og gravejournalist i Dagens Næringsliv. For arbeidet i Vårt Land og Dagens Næringsliv mottok han Den store journalistprisen i 2005 og fem Skup-diplom.[2]

I 2007 gav han ut dokumentarboka Ran : Historier om det nye Norge saman med Knut Gjernes. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2010 med oppvekstromanen Nesten til stede,[3] og i 2012 kom romanen Skyggeland.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2007 – Ran : Historier om det nye Norge – dokumentarbok skriven saman med Knut Gjernes
  • 2010 – Nesten til stede – roman
  • 2012 – Skyggeland – roman
  • 2014 – Nullpunkt – kriminalroman

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nordahl, Bjørn Olav». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 10. februar 2012. 
  2. Leif Gjerstad (19. juli 2011). «Bjørn Olav Nordahl til NRK». journalisten.no. Henta 11. februar 2012. 
  3. Bjørn Zabell-Engh (4. august 2010). «Bjørn Olav Nordahl skriver bok om oppveksten i Drammen». Drammens Tidende. Henta 11. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]