Bjørn Rongen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjørn Rongen
Fødd 24. juli 1906
Evanger
Død

26. september 1983
Frogn

Bjørn Rongen (24. juli 190626. september 1983) var ein norsk forfattar som skreiv både romanar for vaksne og barnebøker, fødd i Evanger i Hordaland. Han var ein av dei folkelivsskildrarane i mellomkrigstida som tok opp aktuelle samfunnsproblem. Som forfattar utmerkte han seg som ein flink forteljar med gode miljøskildringar og effektiv spenningsoppbygging. Bøkene hans har folkeleg appell, sosialt perspektiv og ofte ein satirisk snert. Han gav ut bøker både på nynorsk og seinare mest på bokmål. Rongen, som budde i Drøbak, var orientert mot kulturradikale tankar og påverka av psykoanalysen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Rongen var son til ein handelsmann og gardbrukar i Evanger, og har i fleire av bøkene skildra vestnorsk bygdeliv med både innleving og kritisk distanse. Etter eksamen artium ved Voss landsgymnas 1929 reiste han til Oslo for å studere teologi ved universitetet, Han studerte faget ei kort tid, men braut snart av studiane og valde kritikar- og forfattarbana i staden. Med unnatak av eit par korte engasjement som avisredaktør levde han seinare som skribent.

Rongen kom med si fyrste bok i 1934, To semester. Boka er ein satirisk roman om teologistudentar i Oslo. Embetsfolk skildrar dei same studentane etter endt eksamen i konfrontasjon med eit intolerant bygdemiljø. I romanen Stille smil frå 1936 gjev han eit bilete av krisa i jordbruket på 1930-talet, og korleis nokre bondeungdomar vert drivne over mot Nasjonal Samling. Boka syner korleis eit miljø kan bidra til å utvikle reaksjonære haldningar hos unge menneske som fell utanfor. Det er eit dystert bilete av eit kriseråka bygdesamfunn der bøndene slit med gjeld, arbeidsløysa er høg og grorbotnen for fascistiske sympatiar tilsvarande rik. Hausten 1940 gav han ut Nettenes natt, som i allegorisk form skildrar det tyske overfallet på Norge.

Etter verdskrigen kom ei rekke nye romanar og novellesamlingar av ulikt slag. I 1946 gav Rongen ut tre bøker, romanane Hun møter deg alltid og Kristin og novellesamlinga Tolv liv. Her viser han seg frå ein ny side, især i novellene, der det er kvinner som spelar hovudroller. Samlinga vitnar om at Rongen beherska novelleforma vel så godt som romanforma. Seinare kom han med to samlingar til, Kvinnen og pisken og På kant med loven. I tillegg bidrog han flittig med noveller til vekeblad og liknande publikasjonar. Rongen var også ein produktiv novelleforfattar, og bidrog med mange noveller til Arbeidermagasinet – seinare Magasinet for alle.

Hovudverket til Rongen er romantrilogien Toget over vidda, I jøkulens skygge og Klart for tog frå 1956-58. I uppdalsk ånd skildrar han rallarane som bygde Bergensbana og konfliktane mellom dei og bygdefolket. I fyrste bandet syner han miljøet før bana vart bygt og den første anleggstida. Den andre fylgjer arbeidet med å bygge bana. I den tredje er arbeidet sluttførd, og Rongen gir eit dystert bilete av arbeidsløysa som følgjer. Verket er stoffrikt og engasjerande, samtidig som det ber fram ein sterk kritikk av eit samfunn som skaltar og valtar med arbeidsfolk. Av dei seinare romanane til Rongen skil den prislønte romanen Store Ma seg ut.

Rongen brakdebuterte som barnebokforfattar i 1953 med Bergteken i Risehola, og vann både ein forlagskonkurranse og Kyrkje- og undervisningsdepartementets pris, ei bok som den leiande kritikaren Sonja Hagemann omgåande utropte til ein klassikar. Boka er velkomponert med ei rammeforteljing: Ei bestemor fortel til ei gruppe born soga om gjetarguten Ola som saman med buskapen vert sperra inne i ei hole etter eit steinras. Bestemor si forteljing strekker seg over fire kveldar, og denne disposisjonen gjorde verket veleigna til dramatisering i Laurdagsbarnetimen. Bergteken i Risehola vart ein stor suksess, også internasjonalt, og høyrespelet nådde ut til eit stort publikum i Noreg, mykje takk vere dei mange framføringane i laurdagsbarnetimen i NRK radio. Som barnebokforfattar byggjer Rongen på eldre tradisjonar, samstundes som han bringer inn nye element, som kronologi-brot og hyppige synsvinkelskift. Til dei beste og mest kjende barnebøkene hans høyrer òg Anne Villdyrjente, 5 døgn på isfjell og Slalåm for livet.

Fleire av barnebøkene er omsett til språk som dansk, finsk, svensk, islandsk, polsk, engelsk, tysk, nederlandsk, afrikaans og tsjekkisk. Dessutan er romanen Store Ma omsett til russisk og Nettenes natt til dansk, svensk og tysk.

Rongen var ein aktiv foreiningsmann med ulike verv. Under verdskrigen var han styremedlem i Forfatterforeningen, og seinare var han mellom anna medlem av det faglege rådet for barne- og ungdomslitteratur.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • To semester, 1934
  • Embetsfolk, 1935
  • Stille smil, 1936
  • Det drar ifra vest, 1939
  • Nettenes natt, 1940
  • Hun møter deg alltid, 1946
  • Fager er lien, 1948
  • Kunnskapens tre, 1949
  • Driftekarens høst, 1951
  • Ragnhilds rike, 1955
  • Toget over vidda, 1956
  • I jøkulens skygge, 1957
  • Klart for tog, 1958
  • Store Ma, 1960
  • Neimen Johanne, 1962
  • To semester, 1966
  • Kirstin : en kjærlighetshistorie, 1971

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • Tolv liv, 1946
  • Kvinnen og pisken, 1953

Barnebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Bergteken i Risehola, 1953
  • Gurigullet på hurtigtoget, 1954
  • Anne Villdyrjente, 1956
  • Den store opprøreren, 1957
  • Utvandrergutten : Knute Nelsons saga, 1959
  • Slalåm for livet, 1961
  • De hemmelige flyktningene, 1962
  • Fem døgn på isfjell, 1964
  • På kant med loven, 1964
  • Den store brannen, 1967
  • Ola den heldige, 1970

Høyrespel[endre | endre wikiteksten]

  • Gjengen, 1954

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]