Bjørn Tiller
Bjørn Tiller | |
Fødd | 16. januar 1959 (64 år) |
Yrke | sjakkspelar |
Bjørn Tiller (fødd 16. januar 1959) er ein norsk sjakkspelar. Han vart Noregsmeister i sjakk i 1983[1]. Bjørn Tiller vart utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE i 1982[2].
I Noregsmeisterskapen i sjakk på Lillehammer i 1982 delte han førsteplassen med den då berre 15 år gamle Simen Agdestein. Simen Agdestein vann stikkampen.
Bjørn Tiller deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) i 1976 og 1980. I 1976 vart det 3 poeng på 7 parti, medan det i 1980 vart 4 sigrar og 4 remisar på 8 parti, 75 % skåre[3][4].
I 1974 vart Bjørn Tiller junior-Noregsmeister[5].
Bjørn Tiller er medlem av Oslo Schakselskap.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Bjørn Tiller sine parti hos www.chessgames.com
- Bjørn Tiller sine parti hos NorBase
- Bjørn Tiller sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Norsk Sjakkblad
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
- Fotnotar