Bjørnen sover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bjørnen sover av Åge Aleksandersen.
Notar og svensk tekst til «Björnen sover»
«Björnen sover» framført av Svea Jansson 1960. Innspeling av Matts Arnberg.
«Björnen sover» på ei svensk midsommarfeiring, med fleire born som bjørnar.

Bjørnen sover, svensk «Björnen sover», er ein gammal songleik som blir bruka både som ringleik og som vanleg barnevise. Melodien er ein forenkla versjon av den til «Gubben Noak», som opphavleg blei gjeven ut av Carl Michael Bellman i 1792 som song nummer 35 i Fredmans sånger. Bellmanforskarna har ikkje kunna slå heilt fast om han komponerte melodien sjølv, eller kor han skulle ha henta han frå. Etter at han blei kjend er melodien blitt brukt til fleire ulike tekster i 200 år, mellom anna til barneviser.[1]

Leiken[endre | endre wikiteksten]

  1. Ein vel ein som er «bjørn», som krøller seg saman på bakken og lest som han søv.
  2. Andre deltakarar går rundt bjørnen i ring og syng songen.
  3. Ved slutten av songen «vaknar» bjørnen og byrjar å jakta på deltakarane.
  4. Den som blir fanga er «bjørn» neste gong.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Engström, Bengt Olof; Engström Anne-Marie: Lek med toner, AW läromedel, Stockholm 1971- (swe). Libris 508246.  (angiven som sånglek, musik efter CM Bellman)
  • Barnvisor och sånglekar [till enkelt komp], Lutfisken, Mölndal 1984 (swe). Libris 7792078. 
  • Barnens svenska sångbok, Bonnier, Stockholm 1999. Libris 8345222.  under rubriken "Sång med lek och dans".

Opptak[endre | endre wikiteksten]

Eit opptak av Kjell Lönnå med born frå Riddarens gymnas i Sundsvall finst på skivealbumet Gnola och sjung som kom ut i 1982.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Palm Stenström, side 268
  2. Mal:SMDb

Kjelder[endre | endre wikiteksten]