Bjørnfjell

Koordinatar: 68°26′56″N 18°05′20″E / 68.44889°N 18.08889°E / 68.44889; 18.08889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°26′56″N 18°05′20″E / 68.44889°N 18.08889°E / 68.44889; 18.08889

Bjørnfjell (760 moh.) og nokre av hyttene som på Bjørnfjell hytteområde sør for fjellet ved Bjørnfjell stasjon i Narvik.
Foto: Harald Groven

Bjørnfjell (nordsamisk Bonjovárri) er eit fjell aust for Narvik i Nordland, like ved riksgrensa til Sverige. Fjellet er 760 moh. Namnet Bjørnfjell vert òg nytta om hele fjellområdet der europaveg 10 og Ofotbanen går frå Ofoten mot Sverige.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Fjellet blei namngjeve under stikkinga av Ofotbanen i 1883 då arbeidslaget møtte ein bjørn i snøen. Bjørnen stakk av då Ole Wilhelm Lund trekte ein kniv og la på sprang mot han.[1]

I 1912 vart det opna ein jernbanestasjon med namn etter fjellet og stava Bjørnefjell, seinare «Gamle Bjørnfjell stasjon». I oktober 1925 vart det innvigd ein ny stasjon, utan e-en i namnet. Mange uttalar likevel denne overflødige e-en når dei snakkar om området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Malmbanan (på svensk side) og Ofotbanen vart opna til Narvik i 1902. Gamle Bjørnfjell stasjon vart teken i bruk hausten 1913, etter at trafikken på Ofotbanen tidleg gjorde det nødvendig med ein ekstra møteplass mellom dåverande Hundalen (seinare Katterat) stasjon og riksgrensa. Men stasjonen låg i ei kraftig stigning, og då Ofotbanen vart elektrifisert i 1923, vart det avgjort at ein ny stasjon skulle byggast lengre aust, om lag 2 km frå grensa. Samstundes vart Riksgränsen stasjon på svensk side lagt ned. Nye Bjørnfjell stasjon opna i oktober 1925. Den gamle stasjonen eksisterte som haldeplass fram til 1956.[2] Dagens (nye) Bjørnfjell stasjon ligg 513.9 moh.

Frå Bjørnfjell går rallarvegen delvis langs jernbanen ned til Rombaksbotn.

Riksvegen over Bjørnfjell vart opna i 1984 og knytt saman med vegen på svensk side. Sidan 1992 har vegen vore europaveg 10. Det høgaste punktet på vegen, om lag 520 moh, er på Bjørnfjell. Vegen er open heile året, men vert stundom stengd i kortare periodar ved uvêr om vinteren. Ved riksgrensa ligg Bjørnfjell tollstasjon. Grenseovergangen på Bjørnfjell er den mest trafikkerte i Nordland. Han er populær for folk i nordre Nordland og Sør-Troms som vil handle billige varer i Sverige.

Under det tyske åtaket på Noreg i april-juni 1940 var det harde kampar mellom tyske og norske styrkar på Bjørnfjell.[3] Seinare hadde nazistane ein fangeleir på Bjørnfjell. 283 jugoslaviske krigsfangar døydde i leiren.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifølgje nedteikningar av Albert Axelsen som deltok i stikkinga av banen. Theander, Agge (1993). I rallarnes spor: Tracing the Navvies. Ofoten museum. s. 80. ISBN 8291340005. 
  2. historiskt.nu
  3. norsknettskole, arkivert frå originalen 11. april 2008, henta 26. april 2008 
  4. nettavisen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]