Bjørnsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørnsjøen

Bjørnsjøen (337 moh.) er eit vatn i Nordmarka og ligg sør for Kikutstua og nordvest for Bjørnholt. Med sine 1,61 km² overflate er Bjørnsjøen eit av dei store vatna i Nordmarka. Største djupn er 41,8 meter.

Padling på Bjørnsjøen i solnedgang

Skiløypene mellom Kikutstua og Bjørnholt og Kikutstua og Ullevålseter går over vatnet.

Vest for Bjørnsjøen ligg Østre Fyllingen, i aust Fortjern. Hakkloelva sørgjer for det meste av vasstilførselen, medan Bjørnsjøelva fører vatnet vidare til Skjærsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]