Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørnstjerne Bjørnson talar på Skamlingsbanken, Danmark den 4. juni 1906. Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet har teke namn og inspirasjon frå han.

Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet, Det Norske Akademi for Litteratur og Ytringsfrihet er eit norsk litterært akademi grunnlagt av forfattaren Knut Ødegård i 2003. Det har som føremål å «arbeide for fremme av litteratur og for kunnskap om også andre litterære og kulturelle ytringsformer enn de som tilhører vår egen kulturkrets, også for ytringsfrihet i Bjørnstjerne Bjørnsons ånd [...].»[1]

Medlemmar i akademiet er framstående norske og utanlandske forfattarar, forskarar, journalistar og politikarar. President er Hege Newth Nouri. Knut Ødegård var president frå 2003 til 2014. Ine Harrang er administrativ leiar.

Bjørnsonprisen[endre | endre wikiteksten]

Akademiet deler årlig ut den internasjonale Bjørnsonprisen til personar eller en institusjonar som har «bidratt i stor grad i en internasjonal sammenheng innen det området som omfattes av akademiets formål.»[2] Prisutdelinga skjer seint om hausten, i samband med det årlege seminaret til foreininga på Bjørnsonhuset i Molde. Prisen består av 100 000 kroner, ein statuett av Hagbart Solløs, og eit diplom av Ellen Maria Heggdal.

Mottakarar av prisen er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Akademiet, bjornsonakademiet.no, henta 20. november 2016 
  2. Bjørnsonprisen, bjornsonakademiet.no, henta 20. november 2016 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Bjørnsonprisen, 03/07/2013 
  4. Bjørn Ivar Voll (19.10.2011), Bjørnsonprisen for første gong til to nordmenn, NRK.no 
  5. «Disse tre deler Bjørnsonprisen», NRK Møre og Romsdal, 11. oktober 2012. Besøkt 3. november 2012.
  6. rbnett.no Bjørnsonprisen til Yaşar Kemal 09. oktober 2013
  7. Bjørnsonprisen til journalist Kristin Solbergl 23. september 2014
  8. Steinar Solås Suvatne (2. juni 2015), «Edward Snowden får Bjørnson-prisen og inviteres til Norge», Dagbladet 
  9. Bjørnsonprisen 2016 til Cecilia Dinardi, bjornsonakademiet.no, 31/05/2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]