Bjarkøy kommune

Koordinatar: 69°00′00″N 16°34′00″E / 69.00000°N 16.56667°E / 69.00000; 16.56667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bjarkøy)

69°00′00″N 16°34′00″E / 69.00000°N 16.56667°E / 69.00000; 16.56667

Bjarkøy kommune på kart over Troms

Bjarkøy er ein tidlegare øykommune i Troms fylke. Området er frå 1. januar 2013 del av Harstad kommune. Før samanslåinga med Harstad var Bjarkøy den minste kommunen i Troms, i både areal og folketal.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kommunehuset i Nergårdshamn på Bjarkøya.
Foto: TorbjørnS (2010)
Kommunevåpenet til Bjarkøy

Kommunen heitte «Sand» fram til 1886, då namnet vart endra til «Bjarkø», og seinare «Bjarkøy».[1] I 1964 vart den delen av den gamle kommunen som låg på Senja og Lemmingvær overført til Tranøy kommune. Desse områda hadde litt over ein fjerdedel av innbyggjarane i kommunen, og det som var att av kommunen hadde då 1261 innbyggjarar. Bjarkøy var frå då av den minste kommunen i Troms etter folketal. Folketalet gjekk bratt nedover dei siste tiåra. I 2010 var folketalet 482, berre 38 % av det det var i 1964.[2]

Folketal Bjarkøy kommune 1951-2012:[2]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]