Hopp til innhald

Bjarkøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarkøya
øy
Land  Noreg
Areal 14,6 km²
Folketal 232 (1. januar 2025)[1]
Kart
Bjarkøya
68°59′27″N 16°33′31″E / 68.9909°N 16.5585°E / 68.9909; 16.5585
Kart som viser Bjarkøya.
Kart som viser Bjarkøya.
Kart som viser Bjarkøya.
Wikimedia Commons: Bjarkøya

Bjarkøya er ei øy i nordlegaste delen av Harstad kommune i Troms. Øya har fast vegsamband med Grytøya og Sandsøya gjennom ein undersjøisk tunell.

Bjarkøy kyrkje, flytta frå Sandsøya i 1886
Tore Hund monument

Bjarkøya ligg nord for Grytøya med Andfjorden i nordvest. Bjarkøya er skilt frå Grytøya av Kvernsundet, på det smalaste ca. 1,3 km breitt. Mot nord ligg Helløya med Krykjeberget, åtskilt av det 130 meter breie Sundsvollsundet. Nord for Helløya ligg dei busette øyane Krøttøya og Meløyvær.

Den 14,6 km² store øya er omtrent 5,7 km lange frå aust til vest og omtrent 5 km brei frå nord til sør. I motsetning til den sørlege naboen sin Grytøya er ikkje Bjarkøya spesielt fjellrikt; det høgste punktet er Falkeberget på 248 moh.

Administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Bjarkøya tilhøyrar i dag Harstad kommune. Fram til 1. januar 2013 utgjorde øya kjernen i den tidlegare Bjarkøy kommune som òg samla Helløya, Krøttøya, Meløyvær, samt Sandsøya og nordlege del av Grytøya. Det administrative senteret var Nergården på Bjarkøya.

Busetjingar og transport

[endre | endre wikiteksten]

Busetjingane finst hovudsakleg på det lågtliggande eidet mellom Nergårdsvika og Øvergårdsvika,[2] samt meir spreitt langs aust- og nordsida av øya nord for Nergården.

Bjarkøysambandet erstattar ei tidlegare ferjerute mellom Bjarkøya, Grytøya og Sandsøya. Den undersjøiske Kvernsundtunellen knyter Bjarkøya saman med Grytøya.[3] Bjarkøya er også ein del av hurtigbåtsambandet Harstad-Bjarkøystadene-Skrolsvik.[4] Hurtigbåtsambandet syt òg for samband med Krøttøya-Meløyvær som ikkje har vegsamband.

Bjarkøya var eit viktig handelssenter i Hålogaland i vikingtida, og stammar dermed mest sannsynleg frå folkevandringstida. Ein stor bronsekjele, den såkalla Bjarkøykjelen, som blir datert tilbake til rundt 400 e.Kr., vart funne i ein sump nær Øvergården, sør for Nergården, og ei rekkje funn frå perioden rundt 600 til 700 e.Kr. har vorte konsentrert rundt Bjarkøya. Bjarkøyretten vitnar også om den tidlegare betydninga av staden.[2]

Kyrkja på Bjarkøy, med 350 sitjeplassar, vart opphavleg bygd på Sandsøya i 1766, men vart flytta til Bjarkøya i 1886[5]; berre delar av interiøret vart seinare returnerte til Nordsand på Sandsøya[treng kjelde] og er no i etterfølgjarbygningen som vart reist der i 1888.

Kjente personar

[endre | endre wikiteksten]

Vikinghøvdingen Tore Hund kom frå Bjarkøya. I 1026 nådde han med følgje Bjarmeland, og i 1030 drepte dei kong Olav den heilage i slaget på Stiklestad.[3]

Den norske riksforstandar frå 1323 til 1331, Erling Vidkunsson, var av bjarkøyætta.[6]

Artisten «Ruben», Ruben Markussen, vinnar av Spellemannsprisen 2019 for årets låt.[7]

  1. «04317: Grunnkretsenes befolkning (G) 1999 - 2025 - Grunnkretser: 55030902 Leirvåg, 55030903 Nergård, 55030904 Øvergård». Statistisk sentralbyrå. Henta 20. november 2025.
  2. 1 2 Thorsnæs, Geir, Bjarkøya i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. november 2025 frå https://snl.no/Bjark%C3%B8ya
  3. 1 2 Krag, Claus; Bandlien, Bjørn, Tore Hund i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. november 2025 frå https://snl.no/Tore_Hund
  4. «6 Harstad-Bjarkøystedene-Skrolsvik» (PDF). Svipper. 2025. Arkivert frå originalen (PDF) 8. november 2025. Henta 8. november 2025.
  5. 100-års jubileumsskrift Bjarkøy kirke. S.l: s.n. 1986. s. 18.
  6. Helle, Knut, Bjarkøya i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. november 2025 frå https://snl.no/Erling_Vidkunnsson_av_Bjark%C3%B8y_og_Giske
  7. Ellingsen, Jonas (26. juni 2024). «Kongen av musikalsk melankoli». Nordnorssk rapport. Henta 21. november 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bjarkøya