Bjarkøyretten
Bjarkøyretten (norrønt biarkeyiarréttr dansk biærkret, birkeret, fornsvensk bjærkøa rætter , svensk Bjärköarätt), er ei nemning på lovverk som regulerte livet på ein handelsplass birk og i ein by i Norden i tidleg mellomalder. Altså ein bylov for byar i mellomalderen.
Dei eldste kjende bjarkøylovene i Norden er frå dei to norske byane Nidaros (Trondheim) og Bergen, frå 1100- og 1200-talet. Bjarkøyretten for Lödöse i Västergötland finst teken vare på frå år 1345. Det finst òg delar av andre bjarkøylovtekster frå 1300-talet.
Namnet på den eldste byen i Sverige, Birka, kan og ha hatt meininga marknadsplass, ein kaupang eller kjøpstad. Bjarkøyretten kan dermed bety lov for kaupangen, eller byloven.
Bjarkøyretten vart i Noreg avløyst av kong Magnus Lagabøte si bylov og landslov på 1270-talet.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Bjarkøyretten. Omsett av Jan Ragnar Hagland; Jørn Sandnes. Det norske Samlaget. 1997.
- http://www.ntnu.no/universitetsavisa/nr8/re5.html Noregs eldste bylov
- http://www.nordlund.lu.se/Fornsvenska/Fsv%20Folder/01_Bitar/A.L10.A-BjR.html Bjärköarätten
- http://runeberg.org/salmonsen/2/3/0353.html Bjarkøretten