Bjarne Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjarne Aas
Båtbygger Bjarne Aas - L0030 475Fo30141606100172.jpg
Fødd 28. februar 1886
Christiania
Død

29. mars 1969
Fredrikstad

Yrke ingeniør, skipsbyggjar
Bjarne Aas på Commons

Bjarne Aas (18861969) var ein norsk seglar og båtkonstruktør.

Han vert saman med Johan Anker og Colin Archer rekna mellom dei viktigaste båt- og yachtkonstruktørane på første halvdel av det 20. hundreåret.

Aas var fødd i Christiania (Oslo). Han studerte skipskonstruksjon på den tekniske høgskulen i Horten. Etter eksamen arbeidde han som båtkonstruktør i Fredrikstad, seinare i Bergen og Tønsberg. I 1916 grunnla Bjarne Aas Norsk Gearfabrikk AS i Fredrikstad.

Bjarne Aas er i det vesentlege kjend for design og bygging av 6mR yachtar, og for lansering av International One-Design båtar (IOD) i 1936. Han konstruerte og bygde fleire regattaseglarar av den internasjonale meter-klassen (10mR, 8mR og 5,5mR).

Første regattaseglbåten, «Askeladden», bygde han i 1922. Denne båten er nyrestaurert og er framleis i drift. I 1924 bygde han ein 6mR som vann gullmedalje i dei Olympiske Leikane i Paris. Dette gjorde han kjend som båtbyggar. På 30-talet konstruerte og bygde han ei rekke 6mR yachtar. og konstruksjonane hans gjorde han verdskjend.

I 1932 konstruerte Aas den første redningsskøyta, RS «Biskop Hvoslef». Fram til 1940 vart det bygd ytterlegare 14 redningsskøyter for Redningsselskapet etter Bjarne Aas sine teikningar. Aas-skøytene tok da utgangspunkt i redningsskøytene som Colin Archer hadde konstruert. Då skøytene no skulle ha motor hadde dei for dårleg oppdrift i akterskipet. Derfor la han ut akterskipet såpass mykje at skøytene fekk kryssarhekk. Dette skulle gi betre styring og hindre at båten grov seg ned under slep.

På 60-talet vart båtbyggarbransjen revolusjonert ved at plast, glasfiber og aluminium erstatta tre som byggemateriale. Bjarne Aas ønskte ikkje å innrette seg etter dei moderne byggjemetodane, sidan han meinte desse nye byggjemateriala var uforeinlege med hans fag som konstruktør. Dette førte til økonomiske problem for verksemda hans. I 1968 bad han om at verftet vart slege konkurs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på bokmål oppgav som kjelde:

  • Bjørn Arhild Hansen Ersland: Båtbyggaren Bjarne Aas Universtetsforlaget AS Oslo, 1999