Bjarne Dåe
Utsjånad
| Bjarne Dåe | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 1931 (94 år) |
| Yrke | politikar |
| Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Bjarne Dåe (f. 1931 ) er ein norsk lærar og arbeidarpartipolitikar. Dåe er oppvaksen i Masfjorden kommune i Hordaland, men busett i Brekke i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.
Bjarne Dåe tok lærareksamen i 1956, og han underviste som lærar på fleire skular i Hordaland før han vart lærar på Brekke skule i 1963. Han fekk også stillinga som rektor.
Frå 1982 til 1996 sat Dåe som skulesjef i Gulen kommune. Han var også medlem av kommunestyret og formannskapet for Arbeidarpartiet i åtte år. Frå 1985 til 1993 var han leiar av distriktsprogramrådet i NRK Sogn og Fjordane.
Dåe sit i Eldrerådet i Gulen kommune. Han har også engasjert seg i skuledebatten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sogn og Fjordane Fylkesleksikon om Bjarne Dåe.[daud lenkje]
- Gulen kommune om Eldrerådet.[daud lenkje]
- Innlegg av Bjarne Dåe på Skoleplassen.no