Bjarne Fidjestøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjarne Fidjestøl
Fødd 30. september 1937
Død

9. februar 1994

Yrke omsetjar, professor

Bjarne Fidjestøl (30. september 19379. februar 1994) var ein norsk filolog og omsetjar med stilling som professor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Fidjestøl var fødd i Hægebostad kommune som son av presten Alfred Fidjestøl. Då han var to flytta familien til Luster, der han fekk oppveksten sin. I 1952 busette dei seg på NærbøJæren. Fidjestøl studerte i Oslo før han blei tilsett ved Universitetet i Bergen. Han var tilsett ved Nordisk institutt på UiB frå 1969, som dosent frå 1975 og professor frå 1982 til han døydde brått i 1994. Han redigerte Syn og Segn frå 1969 til 1973 og var representant for universiteta i Norsk Språkråd.

Fidjestøl gifta seg med Eva Eimhjellen og fekk fire barn. Gjennom livet hadde han fleire lange studieopphald i utlandet; på Island, i Freiburg, Cambridge og Strasbourg.

Akademisk virke[endre | endre wikiteksten]

Fidjestøl fekk tittelen Cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1966 etter å ha studert russisk, fransk og nordiske språk. Han blei Dr.philos. ved Universitetet i Bergen i 1981 med avhandlinga Det norrøne fyrstediktet.

Fidjestøl studerte eventyr og norrøne soger, men særleg norrøne kvad. Han gjorde mykje arbeid med kenningar og tidfesting av eddadikta.

Han omsette fleire verk, hovudsakleg soger frå norrønt, men òg frå russisk og engelsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]