Bjarne Fjærtoft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Fjærtoft
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1899
Død

28. august 1981 (81 år)

Yrke politikar, jurist
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Bjarne Fjærtoft (7. november 189928. august 1981) var ein norsk jurist og politikar frå Ålesund. Han var stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal i tida 1954-61, vald for partiet Venstre.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bjarne Fjærtoft var fødd i Jondal.[1] Far hans var frå matrikkelgarden Nøre-Fjørtoft i Haram herad på Sunnmøre. Han slo seg til som lensmann i Jondal. Sonen vart student i 1920 og tok cand.jur.-eksamen i hovudstaden i 1924. Deretter var han i to år sakførarfullmektig i Vadsø. I 1927 slo Bjarne Fjærtoft seg ned i sunnmørsbyen Ålesund og var aktiv både som overrettssakførar og som forretningsførar for Ålesund Kreditorforening i 20 år, i tillegg var han samstundes kommisjonær for 'Norges Hypotekforening for Næringslivet'. I 1946 fekk han stillinga som byfut i Ålesund, eit yrke han hadde til han vart pensjonert i 1969.

Fjærtoft var medlem i Ålesund bystyre 1947-55, ordførar 1950-51. Men framom alt hadde han ei mengd tillitsverv, både i kommunen, på fylkesnivå og i private verksemder.

Hausten 1953 fekk Fjærtoft andreplassen på Møre og Romsdal Venstre si stortingvalliste, og vart vald inn på Stortinget med god margin. Fire år seinare vart han attvald til ein ny tingperiode. Dei fire fyrste åra på Tinget var han medlem i Administrasjonskomiteen, dei fire siste i Samferdslekomiteen. Han tok ikkje attval i 1961.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Biografi: Fjærtoft, Bjarne», Stortinget (på norsk), 9. november 2021, henta 1. november 2023