Bjarne Kristiansen
Bjarne Kristiansen | |||
Fødd | 25. oktober 1937 (87 år) Bømlo kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Bjarne Kristiansen (fødd 25. oktober 1937) er ein norsk skulemann og politikar frå Bømlo i Hordaland. Han var ordførar i Bømlo 1983-85 og representerte Hordaland og Arbeidarpartiet i Stortinget 1985-89.
Kristiansen utdanna seg til lærar i 1961 og var tilsett i skuleverket til 1999. Fram til 1980 arbeidde han som lærar og sidan inspektør ved Bremnes framhaldsskule og ungdomsskule. 1981-85 var han rektor ved Hillestveit skule. Han var medlem 1968-71 i kommunestyret i Bømlo, Formann i skulestyret 1971-72. Han kom tilbake i kommunestyret frå 1976, attvald 1979 og 1983. Åra 1984-86 var han ordførar i Bømlo. Hausten 1985 vart han vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Hordaland. På Tinget var han sekretær i Justiskomiteen til mai 1986. I og med at den andre Brundtland-regjeringa då kom til makt, vart han flytta over til å vere medlem i Finanskomiteen. Kristiansen vart ikkje attvald i 1989. Frå 1989 til -99 var han rektor ved Bremnes ungdomsskule. Gjennom åra hadde han mange styre- og leiarverv i ulike organisasjonar, både i privat og offentleg verksemd.