Hopp til innhald

Bjarne Ljones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Ljones
Fødd15. januar 1913
Ulvik herad
Død

7. april 2004 (91 år)

Yrkeskribent

Bjarne Ljones (15. januar 1913–7. april 2004) var ein norsk hagebrukskunnig og forfattar frå Ulvik.

Ljones vart i 1938 utdanna hagebrukskandidat frå Noregs Landbrukshøgskule. Dei neste tre-fire åra var han fruktkontrollør i Oslo og hagebrukslærar på Bærum yrkesskule. Frå 1942 til -46 arbeidde han som sekretær i Landbruksdepartementet. Sidan 1947 var han tilsett ved NLH på Ås, frå 1949 som amanuensis og frå 1954 som professor i fruktdyrking.

Ljones skreiv fleire titals arbeid om frukt- og bærdyrking. Han er elles kjend for å ha skrive viseteksta «Sider».