Bjarne Rabben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjarne Rabben
Bjarnerabben.jpg
Fødd 19. juni 1907
Død

4. juli 2003

Yrke skribent

Bjarne Rabben (19. juni 19074. juli 2003) var ein norsk lokalhistorikar, lyrikar, politikar og ferdatalar for fråhaldssaka. Han var fødd i Ålesund, men voks opp og var busett i Herøy kommune.

Rabben var fødd utanfor ekteskap med dårlege odds. Av skulegang hadde han berre folkehøgskule og småbrukarskule. Men han kom til fosterforeldre på Moltustranda, og vart buande der heile livet. 15 år gammal fekk han prenta eit dikt i Sunnmørsposten. Ikkje lenge etter finn ein dikt og noveller av han i Gula Tidend og For Bygd og By. I 1941 kom debutromanen I Skarvågen. Han har gitt ut diktsamlingar og anna skjønnlitterert stoff. Han skreiv i tillegg ein roman og fleire salmar. Mange av dikta hans er også tonesette. Rabben var dessutan engasjert i fråhaldssaka og reiste mykje rundt i losjar og fråhaldslag. I 1952 gav han ut Kjeld Andersen og den fyrste norske fråhaldsrørsla. I perioden 1934–1971 arbeidde han nesten utan avbrot for International Organisation of Good Templars (IOGT) og Det Norske Totalavholdsselskap.

Det viktigaste arbeidet til Bjarne Rabben var som lokalhistorikar og skribent av lokalhistorisk litteratur. Han gav ut totalt 8 bind av Herøysoga. Han fullførde og utvida Jakob Bjørlykke og Ola Liset si gardssoge for Sande og Rovde, og han gav ut Folk ved havet, fiskarsoga for Sunnmøre og Romsdal i tre bind. I tillegg til dette gav Rabben ut fleire andre lokalhistoriske bøker og skreiv mykje i tidsskrift og blad. Han var fleire år formann i Sunnmøre Historielag. Han var òg drivkrafta bak Herøy Sogelag, som vart skipa i 1936. Der han var formann i 36 år, altså fram til 1972. Han redigerte også årsskriftet til sogelaget i femti år. Då Rabben og kona flytte på aldersbustad, gav han heile det lokalhistoriske tilfanget sitt til sogelaget, slik at det vart teke vare på og tilgjengeleg for framtidig forsking.

Bjarne Rabben fekk Kongens fortenestmedalje i både sølv og gull. I tillegg fekk han Herøy kommune sin kulturpris og ei rad andre prisar. I 2004 vart det avduka ei byste laga av Ola Stavseng på Herøy gard, der skrivestova til Rabben er sett opp att.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • I Skarvågen (1941)
  • Utsyn og oppsong (1944)
  • Friskare liv (1946)
  • Kjeld Andersen og den fyrste norske fråhaldsrørsla (1951)
  • Herøy og Leikong Sparebank 1843–1953 (1953)
  • Moltustranda. Drag frå bygdelivet i fortid og notid (1959)
  • Heimvegar (1962)
  • Viser på ei fjøl, barnerim (1966)
  • L/L Søre Sunnmøre kraftlag – 1946–1971 (1971)
  • Herøyboka, 8 bd., Herøy sogelag, (1962–1989)
    • Herøyboka – Gardar og folk, 3 bd. (1. utg 1962–1963, 2. utg 1979–1983)
    • Herøyboka – Bygdesoga, 3 bd. (1972, 1973, 1989)
    • Herøyboka – Landslag og folkeliv (1970)
    • Herøyboka – Ute i krig: Herøyværingar utanlands 1940–45 (1979, 2. utg, 1987)
  • Sandesoga (1975–1994)
  • Sunnmøre innafrå – drag frå folkelivet 1860–1940 (1978)
  • Sande kyrkje 1880–1980 (1980)
  • Fabrikken og bygda – Herøy Canning Co. A.s – 1931–1981 (1981)
  • Kulturkamp gjennom 75 år – Søre Sunnmøre distriktslosje 1907–1982 (1983)
  • Kommunestyring i Herøy – 1837-1987 (1987)
  • Brev frå Sæterrabben (1988)
  • Frå kjellarverkstad til skipsverft – Myklebust mek. verksted A/S, 1915–1990 (1990)
  • Kristenliv på Moldtustranda (1992)
  • Elkraft i Gjerdsvika i 75 år (1993)
  • Gursken kyrkje og sokn 75 år – 1919–1994 (1994)
  • Høgt spel i Oksavika – eit krigsminne frå 1944–45 (1994)
  • Vestlandsnytt – bodberar i 60 år (1995)
  • Med himmel over (1998)
  • Herøybåtar i hundre år – dekksfarty i fiske, fangst og føring (1998)
  • Glimt frå mitt hundreår (1999)
  • Haust i min hage. Strofer og ord (2002)

Utmerkingar og prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]