Bjarne Solli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Solli
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1910
Lenvik
Død

22. oktober 1989 (78 år)
Senja kommune

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Bjarne Daniel Solli (7. november 191022. oktober 1989) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Lenvik som representerte Arbeidarpartiet i TromsStortinget i to valperiodar frå 1954 til 1961.

Solli arbeidde i unge år på gard, bortsett frå skuleåret 1925/26, då han gjekk på folkehøgskule. Frå 1940 dreiv han farsgarden i Lenvik, noko han gjorde til 1976. I perioden 1939-44 var han likningssekretær i Lenvik. Mange år seinare var han 1966-68 rådmannsfullmektig i kommunen og 1969-77 sosialsjef.

På fritida var han formann i arbeidarungdomslaget "Nordstjerna" i fleire periodar, i Lenvik Bonde- og småbrukerlag 1937-40 og i Lenvik Arbeiderparti 1946-48.

Solli var medlem av kommunestyret i Lenvik frå 1946 til 1955, ordførar frå 1946 til 1953. Frå 1954 til 1961 var han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. I den fyrste fireårsperioden var han medlem av Militærkomiteen og i den andre var han i Sosialkomiteen til 5. mai 1960, då han gjekk over i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]