Bjarne Undheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Undheim
Fødd12. januar 1905
Død28. mai 1988 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1961–1965)
  • varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (1962–1965)
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (1962–1962)
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (1965–1970)
  • stortingsrepresentant (1965–1969) Sjå dette på Wikidata

Bjarne Undheim (12. januar 190528. mai 1988) var ein norsk skulemann, målmann og stortingsrepresentant frå Time som i tida 1961-69 sat på Stortinget for Rogaland og Senterpartiet.

Undheim var son til ein gardbrukar i Time. Sjølv gjekk han skulevegen og tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1925. Han studerte deretter realfag ved Universitetet i Oslo og vart cand.real. i 1930. Då hadde han allereie gjennomført pedagogisk seminar og fekk same året lektorstilling ved Rogaland landsgymnas på Bryne. Heile si yrkestid arbeidde han ved landsgymnaset, som rektor frå 1947 til 1972.

Periodane 1945-47 og 1956-67 var Undheim med i heradsstyret og formannskapet i Time. I fireårsbolken 1956-59 var han ordførar. Hausten 1961 vart han vald inn på Stortinget, og vart attvald i 1965. På Stortinget var han den fyrste fireårsperioden medlem i Kommunalkomiteen, i den andre i Protokollkomiteen.

Undheim var sterkt engasjert i idrettsaktivitet både i heimekommunen og i Rogaland fylke. Han var formann i Bryne Idrettslag frå 1939 til 1948, heidersmedlem i laget frå 1947. I 1953 vart han formann i fylkesutvalet for idrettsanlegg i Rogaland, eit verv han hadde til 1964.

Han var også engasjert i Norsk Lektorlag og var formann i Rogaland Mållag frå 1953 til 1955.

I 1974 vart han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]