Bjarne Waaler
Utsjånad
| Bjarne Waaler | |||
| Fødd | Bjarne Arentz Waaler 18. april 1925 Bergen | ||
|---|---|---|---|
| Død | 17. juni 2007 | ||
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Yrke | lege | ||
| Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
| Medlem | Milorg | ||
| Verv | Rektor ved Universitetet i Oslo 1977-1984 | ||
Bjarne Arentz Waaler (fødd 18. april 1925 i Bergen, død 17. juni 2007) var ein norsk lege. Han var son av Rolf Waaler.
Han tok doktograd i medisin i 1959 og fekk universitetsstipendiat ved Universitetet i Oslo i hematologi og seinare fysiologi. Frå 1955 til 1960 arbeidde han ved Institutt for tromboseforskning, og i perioden 1955 til 1958 arbeidde han òg ved Rikshospitalet.
Han vart professor i medisin (fysiologi) Universitetet i Oslo i 1962 og fram til 1995. Frå 1977 til 1984 var han rektor ved universitetet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Bjarne Arentz Waaler» i Store norske leksikon, snl.no.