Bjarte Bruland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjarte Bruland
Bjarte Bruland.jpg
Fødd 11. april 1969
Førde
Yrke historikar

Bjarte Bruland (fødd 11. april 1969) er ein norsk historikar og er frå Førde i Sunnfjord. Han har historisk-filosofisk embetseksamen frå Universitetet i Bergen med historie som spesialfelt.

Akademisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Bjarte Bruland har forska mykje på skjebna til jødane i Noreg under andre verdskrigen. Han var tilsett som prosjektleiar ved Jødisk Museum i Oslo frå 1. januar 2007 til 31. desember 2014 der han hadde ansvar for utstillingar, innsamling av foto og gjenstandar til samlinga i museet og andre gjeremål. Bjarte Bruland har også vore engasjert i fleire andre studie, formidling-og forskingsprosjekt om lagnaden til dei norske jødane.

Bruland var medlem i det offentleg nedsette utvalet der mandatet var å granske kva som skjedde med eigedomane til dei norske jødane under og etter den andre verdskrigen. I granskinga NOU 1997 : 22 Inndragning av jødisk eiendom i Norge under den 2. verdenskrig utarbeidde og førte Bjarte Bruland i lag med Berit Reisel utgreiinga til mindretalet. Det blei seinare lagt til grunn av regjering og Storting.

Bjarte Bruland har i 2000-2015 arbeidd med ein database over jødar i Noreg med formål å kartlegge lagnaden til dessse under verdskrigen 1940-1945.

Boka Holocaust i Norge : registrering, deportasjon, tilintetgjørelse (2017) er ei vidareføring av eit treårig doktorgradsstipend frå Universitetet i Bergen med arbeidstittel Norge og Holocaust, ca. 1925-1950. I eit intervju med Bjarte Bruland i vekeavisa Dag og Tid blir det hevda at boka kan bli eit referanseverk om holocaust i Noreg.[1]

Bjarte Bruland er tildelt statsstipend frå 2019 i samband med dokumenteringa og synleggjeringa av lagnaden til dei norske jødane under den tyske okkupasjonen april 1940 til mai 1945.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2012 – Øyenvitner : rapport etter norske jøders hjemkomst fra konsentrasjonsleiren (Oslo: Dynamo) . ISBN 9788280712646
  • 2017 – Holocaust i Norge : registrering, deportasjon, tilintetgjørelse (Oslo: Dreyer forlag) . ISBN 9788282651424

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hustad, Jon (2017). «Jødeutryddinga sedd frå Noreg». Dag og Tid (18): 12. 
  • Regjeringa (08.10.2018). «Statsstipend til Evy Johanne Håland og Bjarte Bruland». Statsbudsjettet 2019.  Pressemelding.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hustad 2017:12.
  2. Regjeringa 08.10.2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]