Bjarte Sindre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarte Sindre

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. juni1936
Florø
Yrke lærar, skribent, lokalhistorikar
Born 3
Bjarte Sindre på Commons

Bjarte Sindre (fødd 4. juni 1936 Sindre, Bjarte) er ein norsk lektor, lokalhistorikar og forfattar. Han er fødd i Kinn.

Bjarte Sindre tok artium frå Firda landsgymnas 1955 og BSKA 1956. Tenestegjorde ved Stavanger festning til sommaren 57. Cand.philol. i Oslo hausten 1964 med nordisk hovudfag. I studietida vikarierte han ved Sinsen gymnas. Etter eksamen skulte han på Eid, og vart tilsett ved Volda gymnas hausten 1965. Her vart han sekretær og deretter inspektør. I 1970 drog han til Flora Gymnas og vart inspektør. Han var rektor frå 1980.

Sindre har eit vidt interessefelt, og ein omtykt kåsør og talar. Han har m.a. vore leiar i Rektorkollegiet, S&F Skrivelag, Florø Sjakklubb og FT&IF. Som skulemann tok han ei omfattande kursing i idrettsfaget, og var aktiv  til han fylte 70 år.

Som pensjonist har Sindre skrive mykje, blant anna om flypioneren Thor Solberg og den historiske romanserien «Odins smykke» frå vikingtida (17 band). Han er æresmedlem i Flora Historielag og Florø Turn- og Idrettsforening, og har fått Flora sin kulturpris. Han er gift med Karen (f. Horn), har tre barn og åtte barnebarn.

Sindre har eit omfattande forfattarskap bak seg. Hovudverket hans er ein romanserie frå vikingtida på 17 band, med namnet Odins Smykke (2010―2021). Handlinga foregår under regjeringstida til Harald Hårfagre, Eirik Blodøks, Håkon Adalsteinsfostre og Harald Gråfell. I 2009 kom han med boka Hilsen fra Florø, der stikk og postkort fortel historia for Florø og Kinn. I 2012 utgav Sindre Posten i Flora, som omhandlar styrarar av posten i Florø, tilsette ved Florø postkontor, postopneri, brevhus, landpostruter, skipspost, bipost. Samme året kom boka Flypioneren Thor Solberg, som året etter blei vald til Årets norske flybok 2013 av Magasinet Flyhistorie. I 2019 kom krimromanane Mord etter mal og Mord i Kvitt. Den første tar utgangspunkt i den uforklarlige forsvinningssaka til ungjenta Paula Andersen i Gjengedalsfjella i 1944. Den andre legg handlinga til notid ved Sentralsjukehuset i Førde.

Vidare har Sindre skrive eit stort tal historiske artiklar, til dømes Floraminne.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]