Bjarte Tjøstheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarte Tjøstheim

Fødd26. juli 1967 (56 år)
FødestadKristiansand kommune
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, stemmeskodespelar, manusforfattar

Bjarte Paul Tjøstheim (fødd 26. juli 1967 i Kristiansand)[1] er ein norsk radioprogramleiar, komikar og skodespelar, mest kjend frå radioprogrammet Radioresepsjonen. Han voks opp på Randaberg i Rogaland.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tjøstheim er fødd i Kristiansand, og budde fram til 1974 på Onøy i Nordland. Seinare flytta familien til Randaberg, like utanfor Stavanger. Han har alltid vore interessert i musikk, og fekk sin fyrste elektriske gitar som 12-åring. Tjøstheim kjem frå ein kristen familie, og faren hans er pensjonert prest.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tjøstheim byrja radiokarrieren i Radio Vest som 17-åring.[1] Sidan 2. januar 2006 har han, saman med dei to brørne Steinar og Tore Sagen vore programleiar i RadioresepsjonenNRK P13 (tidlegare NRK P3). Hausten 2010 blei programmet flytta til TV under namnet Radioresepsjonen på TV, før dei gikk tilbake til radio 21. februar 2011.

Som skodespelar har han hatt roller i TV-seriane Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? og Julekongen og ein mindre rolle i TV-serien Lilyhammer. Våren 2013 og 2014 var han ein av syv komikarar i humorprogrammet UnderholdningsavdelingenNRK1. Han vann prisen som årets morosamaste (publikumsprisen) under Komiprisen 2014 og var i tillegg nominert i klassen årets mannlege TV-komikar. Tjøstheim blei den 11. september 2014 ramma av ein blodpropp, men han var tilbake i Radioresepsjonen 24. september 2014.[2]

TV og film[endre | endre wikiteksten]

Radio[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sagen, S., Sagen T. og Tjøstheim, B.P. Den relativt store boka om Radioresepsjonen, Aschehoug, Oslo. ISBN 9788203198168
  2. TV2.no - «Bjarte Tjøstheim (47) avslørte blodpropp på direkten», 24. september 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bjarte Tjøstheim