Bjelleklang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå musikkgruppa Bjelleklang.
«Jingle Bells» arrangert for piano, fløyte, klarinett og valthorn.
Instrumentalversjon av «Jingle Bells» spelt inn av Million Dollar Quartet i 1956.

«Bjelleklang» er ei norsk omsetjing av den amerikanske «Jingle Bells» skriven av James Lord Pierpont rundt 1850. Songen var opphavleg ein humoristisk vintersong, men blei snart teken i bruk som julesong, og blei svært populær i USA. Melodien til refrenget er blitt noko endra sidan den opphavlege versjonen. Han er blitt omsett til fleire språk. Den norske omsetjinga er gjort av Juul Hansen.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Sleigh Ride måla av Cornelius Krieghoff.

Songen blei skriven av James Lord Pierpont medan han budde i Medford i Massachusetts, ikkje langt frå Boston. Han skal ha blitt inspirert av den lokale kappkøyringa med slede. Songen blei trykt i Boston i 1857 som «One Horse Open Sleigh», og to år seinare som «Jingle Bells, or The One Horse Open Sleigh». Savannah i Georgia, som Pierpont seinare slo seg ned i, er òg lagt fram som opphavsstaden til songen.

Bjelleklang, bjelleklang
over skog og hei!
Hør på bjellens muntre klang,
når Blakken drar i vei!

Førstedelen av refrenget på norsk

Jingle bells, jingle bells,
Jingle all the way.
Oh! what fun it is to ride
In a one-horse open sleigh.

Førstedelen av refrenget på engelsk

«Jingle Bells» skildrar ulike hendingar på vinterføre, i ei slede, med ei jente som passasjer og med ein annan unggut som ler av songaren som kavar i snøen. Til det heile kling dombjøller frå den brune hesten som dreg sleden. Songen er etterkvart blitt særs populær og sterkt knytt til jula, sjølv om han ikkje nemner jul i det heile teke. I staden er bjøller og bjølleklang blitt eit julesymbol.

Særskilde framføringar og inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

«Jingle Bells» blei framført som den første julesongen i verdsrommet i 1965 då astronautane Tom Stafford og Wally Schirra ved Gemini 6 melde om at

We have an object, looks like a satellite going from north to south, probably in polar orbit... I see a command module and eight smaller modules in front. The pilot of the command module is wearing a red suit....

Deretter framførte dei «Jingle bells» med munnspel og dombjøller.[1]

Songen har også inspirert rockesongen «Jingle Bell Rock», som har ein annan melodi, men bruker tekst frå «Jingle Bells».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn fleire tusen gonger. Den første innspelinga blei utført i 1898 av Edison Male Quartette på ein Edison-sylinder, som del av julemedleyen «Sleigh Ride Party». I 1902 blei songen spelt inn av Hayden Quartet.

I 1935 spelte Benny Goodman og hans orkester inn ein versjon som nådde 18.-plass på dei amerikanske salslsitene, og i 1941 nådde Glenn Miller og hans orkester 5.-plassen med sin versjon. Ei innspeling frå 1943 av Bing Crosby og Andrews Sisters nådde 19.-plass på salslistene, og blei seld i over ein million eksemplar. I 1951 spelte Les Paul inn ein gitarversjon som nådde 10.-plass. I 2006 fekk Kimberley Locke ein førsteplass på Billboard Adult Contemporary-lista med songen.

Ei rekkje andre artistar har spelt inn songen, mellom anna Louis Armstrong, The Beatles, The Chipmunks, Judy Collins, Nat King Cole, Perry Como, Placido Domingo, Duke Ellington, Ella Fitzgerald, Spike Jones, Barry Manilow, The Million Dollar Quartet (Johnny Cash, Jerry Lee Lewis, Carl Perkins og Elvis Presley), NSync, Luciano Pavarotti, Smokey Robinson and the Miracles, The Sex Pistols, Frank Sinatra, Fats Waller og Yello.

Norske innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • The Monn Keys i 1956
  • Inger Jacobsen og Thore Skogman på Julerefrenget i 1977
  • Kjell Vidars på Hei, hå nå er det jul igjen i 1979
  • Sandefjord jentekor på Barnas jul i 1986
  • SputnikRomjulsmusikken til Sputnik i 1989
  • Frode Alnæs (instrumentalversjon) på Julegløggen i 2003
  • Lise og Sofie Børud på God jul i 2003
  • Dænsebændet på Julemoro i 2004
  • Sølvin RefvikAlle tiders julesangbok i 2007
  • Celine på Jul på Røros i 2008
  • Lindesnes Trekkspillklubb (instrumentalversjon) på Jeg er så glad hver julekveld (2011)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smithsonian Magazine. December 2005. pp. 25.