Bjelopavlićisletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjelopavlićisletta (òg kalla Zetadalen) er ei stripe med dyrkbar lågland i Montenegro. Ho strekkjer seg langs elva Zeta og nedover mot elva Morača nær Podgorica. Bjelopavlići-klanen er opphavleg frå denne dalen.

Zetadalen har gjennom historia vore tett folkesett sidan det er få frodige lågland i det fjellkledde Montenegro.

Ei anna viktig slette i Montenegro heiter Zetasletta, men forvirrande nok renn ikkje elva Zeta over denne.

Bjelopavlićisletta er ein korridor for veg og jernbane mellom dei to største montenegrinske byane, Podgorica og Nikšić. Den største busetnaden på sletta er byen Danilovgrad, som er kalla opp etter knjaz Danilo Petrović.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]