Bjerke videregående skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjerke videregående skole
Foto: C. Hill, 2007
MottoVisjon: Ein skapande skule
Verdiar: Engasjement, Nyskapning, Samarbeid
SkuletypeIdrettsfag
Media og kommunikasjon
Studiespesialisering
Helse og sosialfag
Barne- og ungdomsarbeidar
Allmenfagleg påbygging
Org.formUndereining til næringsdrivande og offentleg forvaltning
Org.nummer974591006
Grunnlagd1962
KommuneOslo
StadGrorudalen
AdresseStatsråd Mathisens vei 25, Linderud
RektorGro Flaten
Elevar560 elevar (2007)
Nettstadhttps://bjerke.vgs.no/
Kart
Bjerke videregående skole
59°56′30″N 10°50′16″E / 59.94173333°N 10.83785278°E / 59.94173333; 10.83785278

Bjerke videregående skole er ein vidaregåande skule i Groruddalen i Oslo. Skulen er kjend for tilbodet den har til toppidrettsutøvarar. Skulen ligg i Bydel Bjerke mellom Linderud senter og Linderud t-banestasjon (linje 5 / Grorudbana).

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • 1969: Store ungdomskule flytta inn i nybygga og vart «Linderud ungdomsskole». Elevane fylte båe skulebygga (dei er no «Linderud skole» og Bjerke videregående skole).
  • 1975: «Linderud ungdomsskole» fekk tilført dei vidaregåande kursa 2-årig idrettsline og 2-åring sosialline. Også husflid, estetiske og formgivingsfag vart lagde til skulen.
  • 1976: «Hegdehaugen viaeregående skole» med studieretning allmenfag vart overført til Linderud. Linderud ungdomsskule vart flytta, med rektor, administrasjon og lærarar til «Fossumberget skole».
  • 1977: «Linderud ungdomsskole» vart lagd ned, og bygningane vart delt mellom «Linderud skole» og «Linderud videregående skole» (etter lange diskusjonar om namn i kulturutvalet i Byrådet og i skulen sitt lærerråd, vann ikkje kreativiteten).
  • 1990: «Sinsen videregående skole» vart avvikla, og avgangsklassane tek siste året ved «Linderud videregående skole».
  • 1991: «Fernanda Nissen videregående skole» flyttar, med studieretning Helse og Sosialfag til «Linderud videregående skole».
  • 1991: Forsøksgymnaset i Oslo (FGO) flytta inn i 2. etasje i B-bygget ved «Linderud videregående skole».
  • 2000: Skulen skifta namn frå «Linderud videregående skole» til «Bjerke videregående skole». Bakgrunnen var at vitjande gjekk feil, drosjer køyrde feil, post og andre leveransar vart leverte feil eller nådde aldri fram, sidan kart og oversikter berre viste «Linderud skole».
  • 2002: Forsøksgymnaset i Oslo flytta ut, og til «Sinsen Voksenopplæring».
  • 2003: «Bjerke videregående skole» vart tildelt studieretning for Medier og kommunikasjon, dei tok over ein nyoppussa 2. etasje i B-bygget.
  • 2003: «Bjerke videregående skole» fekk ein tredje parallell i studieretning for Idrettsfag, skulen vert dermed ein av noregs største idrettsliner.
  • 2003: «Bjerke videregående skole» starta samarbeid med organisasjonen MOT, og vert ein «MOT-skule».
  • 2006: «Bjerke videregående skole» arrangerte skolerevy for fyrste gong, og etablerte ein ny tradisjon ved skulen.
  • 2006: «Bjerke videregående skole» skreiv partnerskap med «Handelshøyskolen BI» og fotballklubben Skeid.
  • 2007: Bjerke videregående skole fekk studieprogram for Studiespesialisering, og vil tilby ein unik kombinasjon med valfritt programfag Toppidrettstilbud til dette programmet.
  • 2009/2010: Utdanningsetaten sin plan for framtidige skular viser at «Bjerke videregående skole» skal rehabiliterast, utbyggast og utvidast med Utdanningsprogram for Musikk, dans og drama frå det same skuleåret.

Skulen samarbeider også med bydelsadministrasjonen i «Bydel Bjerke», «Årvoll skole», andre grunnskular, barnehagar, Storebrand, Akers Avis Groruddalen, Aftenposten «Aften», «Lokalavisen Groruddalen», ILS («Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling»), Linderud gård, og fleire lokale idrettslag i Groruddalen.