Bjorøyna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjorøyna
Geografi
Norway - Bjorøy.png
Stad Raunefjorden
Koordinatar 60°19′10″N 05°10′29″EKoordinatar: 60°19′10″N 05°10′29″E

Areal 4,1 km²

Høgaste punkt Rundelen (95 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Hordaland

Bjorøyna er ei bynær øy i Fjell kommune i Hordaland fylke som har opplevd ein kraftig vekst i folketalet etter at fastlandssambandet kom i 1996.[1] Folketalet har meir enn dobla seg, til 887 menneske per 1. januar 2013. I tillegg til nybygde hus har mange fritidseigedomar vorte omgjorde til heilårsbustader. Like ved Bjorøyna ligg Tyssøy i Sund kommune, og det er bru mellom desse to øyane. Fram til 1996 var ikkje Bjorøyna knytt saman med fastlandet, men i 1996 opna Bjorøytunnelen. Denne tunnelen har ei lengd på om lag to kilometer og er kjend for bratt stiging og krappe svingar. Tunnelen strekkjer seg frå Nilsvika på Bjorøyna til Alvøen i Bergen kommune. Før tunnelen opna, gjekk det ferje mellom Bjorøyna og Alvøen kai.

Bjorøy oppveksttun er eit viktig knutepunkt i lokalsamfunnet, der ein finn barnehage, skulefritidsordning og barneskule på same område. Sjølv om Bjorøyna er eit lite øysamfunn, har øya eit eige idrettslag, kalla Bjorøy idrettslag, med blant anna fotballag for både store og små, og eit volleyballag. Ein finn også eit gartneri og ein liten interiørbutikk på øya. I dei siste åra, spesielt etter at tunnelen opna, har fleire og fleire folk funne vegen til Bjorøyna, og slått seg til der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]