Bjorvatnet i Drangedal

Koordinatar: 59°06′33″N 08°54′41″E / 59.10917°N 8.91139°E / 59.10917; 8.91139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjorvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Drangedal
Høgd over havet 78 moh.
Areal 3,42 km²
Kystlengd1 32,48 km
Koordinatar 59°06′33″N 08°54′41″E / 59.10917°N 8.91139°E / 59.10917; 8.91139
Kart
Bjorvann
59°06′33″N 8°54′41″E / 59.109166666667°N 8.9113888888889°E / 59.109166666667; 8.9113888888889
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Bjorvatnet, òg kalla Bjorvann, er eit vatn i Drangedal kommune i Telemark. Lokalt vert helst namnet Bjårvann nytta.

I nordenden av vatnet ligg tettstaden Bø i Tørdal, og opphavleg har nok namnet vore Bjårvatn (Bjå = = gard/bustad). Namnet har derfor ikkje opphavet sitt i bjor (bever), som dei fleste andre Bjorvann i Noreg.

Vatnet er ein del av Kragerøvassdraget, og drenerer heile den vestlege delen av Drangedal, inkl. nokre vatn i Nissedal kommune. Hovudtilløpa er Gautefallelva frå vest og Suvdøla (regulert) frå nordvest.

Bjorvatnet renn via Tørneselva og Storelva ut i Hoseidvannet og vidare ut i øvre Tokke ved Prestestranda.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.