Bjurholms kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjurholms kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Västerbottens län
Landskap Ångermanland
Del av Västerbotten, Q61680002, Q61669471, Ångermanland
Areal 1 363,77 km²
 - land 1 306,75 km²
 - vatn 57,02 km²
Folketal 2 443  (2011[1])
Kart
Bjurholms kommun
63°55′0″ N 19°13′0″ E
Wikimedia Commons: Bjurholm Municipality

Bjurholm kommune ligg i det svenske länet Västerbottens län i landskapet Ångermanland i landsdelen Norrland. Kommunen har grensar til nabokommunane Nordmaling, Vännäs, Vindeln, Lycksele og Åsele i Västerbottens län og til Örnsköldsvik i Västernorrlands län. Administrasjonssenter i kommunen er Bjurholm.

Bjurholm er den minste kommunen i Sverige målt i folketal.[2]

Balberget i Bjurholm kommune
Bjurholm kyrkje

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bjurholm sokn braut i 1808 ut frå Nordmaling sogn. Då kommunalforordninga av 1862 tredde i kraft vart soknet ein landskommun. Municipalsamhället Bjurholm vart etablert i 1934 og oppløyst i 1962. I 1974 vart Bjurholm kommune innlemma i Vännäs kommune, men av ulike årsaker vart Bjurholm igjen skilt ut som eigen kommune igjen i 1983.

Kommunekommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: I eit blått felt, ein bølgjete bjelke av gull, med ein gåande svart bever med tunge, tenner og raude klør.[3]

På eit soknsegl frå 1800-talet fann ein ein bever, som vart lagt til grunn for kommunevåpenskjoldet, som vart teken i bruk i 1951. Ordet bjur tyder òg bever. Våpenet vart teken ut av bruk då Bjurholm kommune vart teken opp i Vännäs kommune i 1974, men vart teken i bruk igjen etter oppdelinga i 1983.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Bjurholm kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Bjurholm 987

Det er tre mindre tettstader i Bjurholm kommune:[4]

Nr Tettstad Folkemengd
1 Agnäs 134
2 Balsjö 84
3 Karlsbäck 53

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bjurholm kommune har to vennskapsbyer:[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]