Bjørkedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørkedal
Søre Bjørkedal med fjelle Lisjetoren i bakgrunnen
Land  Noreg
Kommune Volda kommune
Folketal 150
Innbyggjarnamn bjørkedølingar
Kart
Bjørkedal
62°00′30″N 6°03′35″E / 62.00833333°N 6.05972222°E / 62.00833333; 6.05972222

Bjørkedalen er ei bygd i Volda kommune i Møre og Romsdal. Riksveg 651 mellom Nordfjordeid og Volda går gjennom bygda. Bjørkedalen er første busetnaden etter fylkesgrensa frå Sogn og Fjordane Det bur om lag 150 menneske i bygda.

Den kommunale skulen vart nedlagd i 2004. Den private Bjørkedal nærskule, som då vart starta, vart avvikla i 2016. Elevane vart overførte til Folkestad skule.

I bygda ligg matrikkelgardane Nøre Bjørkedal, Helset, Løset, Eidseflot og Søre Bjørkedal. Busetnaden ligg rundt Bjørkedalsvatnet

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Bjørkedal er ei jordbruksbygd. Nokre gardar driv skogbruk. Det er for det meste furu som blir henta ut, og nytta til båtbygging, plank og ved.

Den særeigne olivinrike fjellgrunnen gir skog som er svært godt eigna til båtbord.[1] Og båtbygging har lange tradisjonar som attåtnæring på dei fleste gardar. Dette handverket kan sporast tilbake til 1500-talet. Her var ein av dei viktigaste stadane for den tradisjonsrike sunnmørsbåten.

Sjølv om båtbyggaraktiviteten har minka av, vert det framleis bygd tradisjonelle trebåtar i bygda. I seinare tid er det bygd kopiar av vikingskip. Både Osebergskipet (1987) og Gokstadskipet (1990)  er kopierte. Det er også bygd tre knarrar etter båtfunn i Danmark, Skuldelev 1-vraket. «Saga Siglar» (1983) som var på jordomsegling, «Borgundknarren» (1993) og «Kvitserk» (1996). Der har også vorte laga mindre vikingskip.

Båtbyggarar frå bygda stod for bygginga av Myklebustskipet, som vart bygd på Nordfjordeid (2016–2019).

Namnet Bjørkedal[endre | endre wikiteksten]

Bjørkedal er òg eit slektsnamn. Det er 320 personar som har dette namnet (2007).

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reksnes, Asgeir Heimdal (22. oktober 2019), «Arven frå vikingane», NRK, henta 6. mai 2021