Bjørn Tomren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Tomren

Fødd27. april 1981 (42 år)
FødestadVestnes kommune
OpphavNoreg
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Bjørn Tomren (fødd 27. april 1981) er ein norsk jodlar, strupesongar,[1] visesongar, komikar og komponist frå Tomrefjord i Møre og Romsdal dit han flytta frå Isfjorden i Rauma då han var 3 år gamal.[2]

Han vart kjend under artistnamnet Polkabjørn i polka- og jodleduoen «Polkabjørn og Kleine Heine». Etter starten i 2006 opptredde dei på festivalar, barar og som konferansierar.[3] Dei opptredde under ski-VM i 2011 i Oslo. I det høvet laga dei låten «I like to ski» med Daniel Herskedal, Ole Edvard Antonsen og Hallvar Djupvik.[4]

Tomren har drege Noreg på langs på fire ulike måtar: på ski, til fots, padlande og roande. Han er låtskrivar og spelar i visegruppa «Kniven på strupen» saman med Ole Paus,[5] strupesongtrioen «Huurd Altan Hangai Tu», americanabandet «The Thomas Quickstep Experience», salmesongtrioen «Samantha Foxtrot», elektronikaduoen «FIK», pønkbandet «Tomra Konfeksjon», coverbandet «Ni Hong And te Clay He Hos»[6] og salmesongkollektivet «Tomra Pjolter- og Salmesangforening».[7]

Tomren gav i 2019 ut sitt fyrste album, Bad Science Fiction.[8]

I 2021 vann han den tiande sesongen av NRK-programmet Stjernekamp.[9] Han heldt òg konsert under Festspela i Bergen i 2021.[10]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

LP[endre | endre wikiteksten]

  • Bad Science Fiction – (Propeller Recordings, 2019)[11][12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «I strupen på polka-Bjørn • ballade.no». ballade.no (på norsk bokmål). 22. november 2018. Henta 5. juni 2021. «– Eg vart spurt om å jodle litt med Huun-Huur-Tu i 2009 under Bergen Internasjonale Musikkfestival. Umiddelbart reagerte eg slik som dei fleste andre, tenkjer eg; jøss, korleis er det mogleg å lage dei lydane der.» 
  2. Svensvik, Jannike (23. oktober 2021), «(+) Stjernekamps semifinalist : – Syns det er litt stas å ha bodd i Isfjorden», andalsnes-avis.no (på norsk bokmål), henta 30. oktober 2021 
  3. Romsdals Budstikke 22. mai 2017: «– Det startet som en spøk. Vi fant en sprø nisje»
  4. Bergensavisen (6. januar 2014). «Lanserer konkurrent til slaktet OL-låt». Henta 4. april 2018. «Bergensbaserte Polkabjørn & Kleine Heine har lansert en uoffisiell OL-låt, og når ut på Facebook.» 
  5. Støre, Gry (28. mars 2020). «En lystseilas med Paus og Polkabjørn». smp.no. Henta 5. juni 2021. 
  6. Romsdals Budstikke (24. oktober 2015). «Norge på langs for fjerde gong». Henta 5. april 2018. 
  7. Romsdals Budstikke (28. mars 2018). «Den alternative salmesangforeninga blir bare større og større.». Henta 5. april 2018. 
  8. https://www.bt.no/kultur/i/jdMK6n/mannen-bak-polkabjoern-viser-sin-moerke-side
  9. Alnes, Espen (3. juni 2021). «Desse skal delta i den tiande sesongen av «Stjernekamp»». NRK. Henta 5. juni 2021. 
  10. «Møt Bjørn Tomren», www.fib.no (på norsk bokmål), henta 30. oktober 2021 
  11. Romsdals Budstikke (4. oktober 2019). «Tilbake til røttene». Henta 18. november 2019. 
  12. Bergens Tidende (10. oktober 2019). «Mannen bak Polkabjørn viser sin mørke side (Anmeldelse av albumet "Bad Science Fiction")». Henta 18. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]