Blågulara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blågulara
Blågularahann
Blågularahann
Blågularahoe
Blågularahoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Blågulara
Utbreiinga av Blågulara
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Fugleslekta Ara Ara
Art: Blågulara A. ararauna
Vitskapleg namn
Ara ararauna

Blågulara (Ara ararauna) er ein stor søramerikansk papegøye med for det meste blå overside og sterk gul underside. Han er medlem av den store gruppa av neotropiske papegøyar kjent som araer. Habitatet er skog og savannar i tropisk del av Sør-Amerika. Blågularaer er populære som burfuglar på grunn av dei slåande, kontrastrike fargene, vokale evner, tilgjenge på marknaden og nær tilknyting til menneske.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bilete av fugl i fuglepark

Blågularaer kan nå ei kroppslengde på 81–86 centimeter inkludert halen og kan vege 0,9–1,4 kg, noko som gjer dei til ein av dei større familiemedlemmene. Dei er iaugefallande med lyse, vassblå oversida av hovud, nakke, rygg og hale. Panna er grønleg, gradvis over til blått mot oversida av hovudet. Det fjørlause andletet er kalkfarga med svarte tynne stripevise fjører framføre auga. Undersida har rik djup gul farge. Nebbet deira er svart, så vel som fjørene i strupeområdet. Føtene er gråfarga, bortsett frå svarte klør. Irisane er bleikt lysegule.[1] Det finst ingen underartar av blågularaen og ein finn minimalt med variasjonar av utsjånaden.

Levealderen er frå 30 til 35 år i naturen, og dei når seksuell modenhet i alderen 3 til 6 år.[treng kjelde]

Utbreiingsområdet er todelt, eit samanhengande hovudområde er over regnskogen i Amazonas med randsoner og inkluderer vide territorium av Brasil, delar av landa Colombia, Peru, Venezuela, Ecuador, Bolivia, og det meste av Guyana, Surinam og Fransk Guyana. Eit mindre område ligg i nordvestlege Colombia og litt inn i Panama. Mellom 1999 og 2003 vart ville blågularaer omplasserte frå Guyana til Trinidad. Ein liten avlspopulasjon som stammar frå introduserte fuglar, finst i Puerto Rico.[2]

Blågulara dannar livslange par. Dei hekkar nesten utelukkande i daude palmar, og dei fleste reir er i Mauritia flexuosa-palmar. Hoa legg vanlegvis to eller tre egg. Hoa rugar egga i omtrent 28 dagar. Ein av ungane i kullet er dominerande og får mesteparten av maten; dei andre omkjem i reiret. Ungen flyktar frå reiret omtrent 97 dagar etter klekking. Farga til hannfuglen signaliserer beredskap for hekking. Jo lysare og kraftigare fargar, jo større er sjansen for å finne ein make.[treng kjelde]

Blågulara er utrydda på Trinidad, var moglegvis tidlegare tilstades i vestlege Ecuador og i Paraguay,[1] men han er framleis utbreidd og ganske vanleg i ein stor del av Sør-Amerika. Trenden for storleiken og utbreiinga av populasjonen er likevel minkande, i underkant av 30 % nedgang over 30 år. Arten er oppført som livskraftig (LC) av BirdLife International.[3] Han er verna av konvensjonen om internasjonal handel med trua artar av vill fauna og flora, CITES, oppført i vedlegg II for avgrensing av handelen.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Collar, N., P. F. D. Boesman, and C.J. Sharpe (2020). Blue-and-yellow Macaw (Ara ararauna), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.baymac.01
  2. BirdLife International (2021). «Ara ararauna». Henta 9. januar 2021. 
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Ara ararauna. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. januar 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Blågulara