Blåhalekolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåhalekolibri

Status i verda: LC Livskraftig

Blåhalekolibriar illustrert av John Gould og Henry Constantine Richter, 1861
Blåhalekolibriar illustrert av John Gould og Henry Constantine Richter, 1861

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Slekt: Amazilia
Art: A. cyanura
Namn på andre språk
  • Engelsk: Blue-tailed Hummingbird
  • Vitskapleg namn
    Amazilia cyanura
    Gould, 1859

    Blåhalekolibri (Amazilia cyanura) er ein fugl i kolibrifamilien og er endemisk til området Sentral-Amerika med Mexico.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein kolibri på 9 til 10 centimeter i kroppsslengd. Fjørdrakta er grøn med koparfarga overgump og mørk, blå hale. Underartane har varierande mengd raudbrunt i vengefjør og overgump. Kjønna er nokså like.[1]

    Det finst tre åtskilde populasjonar av blåhalekolibriar, ein i nordlege Costa Rica, ein i El Salvador, Honduras og Nicaragua og ein i sørlege Guatemala som òg strekkjer seg litt inn lengst sørvest i Mexico. Her lever dei i både tørr og våt skog. Føda er nektar med tillegg av insekt som dei fangar i lufta.

    Populasjonen er estimert til under 50 000 og arten er klassifisert som livskraftig.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Weller et al, 2016
    2. BirdLife International (2015)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]