Blåklokke
Blåklokke | ||
| ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Eudicotyledonae | |
Orden: | Asterales | |
Familie: | Campanulaceae | |
Slekt: | Campanula | |
Art: | C. rotundifolia | |
Vitskapleg namn | ||
Campanula rotundifolia |
Blåklokke (Campanula rotundifolia ) er ein fleirårig opptil 10-15 cm høg plante i klokkeslekta i klokkefamilien.
Blåklokka har små nyre- eller hjarteforma grunnblad, som vert danna det første leveåret til planten, og lange, smale stengelblad. Stengelen er snau eller lett håra nedst. Namnet «rotundifolia» tyder 'runde blad' , og viser til grunnblada. I fjellet har blåklokka ei stor blå blomsterklokke, vel 2 cm lang, i låglandet kan ho ha fleire, men mindre, blomstrar. I sjeldne tilfelle kan blomsterklokka vere kvit.
Blåklokke veks i open skog, på tørre bakkar, på slåtteeng og beitemark. Utbreiinga er sirkumboreal og sirkumpolar.
I Noreg er blåklokka vanleg over heile landet, underarten grøoenlandica veks opp til 2060 moh i Lom kommune. På Svalbard er ho funnen ved Colesbukta.
Planten er blant dei vanlegaste blomsterplantane i Noreg, og samstundes fell han lett i augo. Difor har han ein sterk kulturell posisjon. Mest kjend er songen «Blåklokkevikua» av Alf Prøysen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Johannes Lid Norsk flora Det Norske Samlaget 2005 ISBN 82-521-6029-8
- Knut Fægri: Norges planter Cappelens forlag 1960
- C.A.M. Lindman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
