Blåkronetanagar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåkronetanagar
Blåkronetanagar
Blåkronetanagar
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Blåkronetanagar
Utbreiinga av Blåkronetanagar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Anisognathus
Art: Blåkronetanagar A. melanogenys
Vitskapleg namn
Anisognathus melanogenys

Blåkronetanagar (Anisognathus melanogenys) er ein iaugefallande fugl i tanagarfamilien som er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1880

Denne tanagaren måler i gjennomsnitt 18,5 centimeter[1] og veg 41 gram.[2] Fjørdrakta presenterer blå krone og nakke, svarte kinn med ein liten gul flekk under auget, mørk, blågrå rygg og gyllengul underside.[1] Både nebbet og beina er svarte.[2]

Blåkronetanagaren lever i habitat som ligg i utkanten av fuktig skog, det kan òg vere gjenreist skog. Han er meir sjeldan inne i tett skog. Dei kan treffast i høgdnivå mellom 1200 og 3200 moh., men sjeldan under 1500 m.[2]

Små frukter gjer ut for det meste av innhaldet i dietten til blåkronetanagaren. Dei beitar parvis, i små grupper eller i fleirartsflokkar.

Storleiken på populasjonen er ikkje kjent, men han er rekna å vere vanleg i det litle utbreiingsområdet. Trenden er minkande. Han er klassifisert som livskraftig.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Hilty, Stevan L. & William Brown (1986) A guide to the birds of Colombia: 618, Pl.50. Princeton University Press.
  2. 2,0 2,1 2,2 Hilty, S. (2011)
  3. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Blåkronetanagar