Blåmannsisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåmannsisen
isbre
Blåmannsisen with the mountain Blåmannen.jpg
Blåmannsisen med fjellet Blåmannen noko til venstre for senteret av biletet.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Salten
Areal 87 km²
Toppunkt 1560 moh
Botnpunkt 810 moh
Koordinatar 67°15′N 16°04′EKoordinatar: 67°15′N 16°04′E
Wikimedia Commons: Blåmannsisen

Blåmannsisen (lulesamisk Ålmåjalosjiegŋa) er den femte største isbreen på det norske fastlandet med eit areal på 87 km². Blåmannsisvatnet ligg nedanfor breen. Det høgaste punktet på breen er 1560 meter over havet, medan det lågaste er 810 meter over havet.

6. og 7. september 2001 oppstod det eit jøkulhlaup frå Blåmannsisen der 40 millionar kubikkmeter vatn strøymde ut frå breen på berre 35 timar. Dette var første gong eit jøkulhlaup var registrert frå breen og vart sett på som eit teikn på klimaendringar i området. Etter denne hendinga sette NVE, Universitetet i Oslo og Elkem Energi Siso AS ut målestasjonar på breen for å kunne varsle nye jøkulhlaup. Ein meiner at vassføringa ut frå brefronten kan ha vore 900 m³/s.[1] Vatnet frå breen enda i reservoaret til kraftverket Siso og vassnivået steig med 2,5 meter på desse timane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tidlig varsling av jøkulhlaup ved Blåmannsisen». NVE. Arkivert frå originalen 24. juni 2014. Henta 4. april 2008.